Kim
- Sjå òg Kim (fleirtyding)
Kim er eit namn som har fleire ulike opphav og bruksområde. Det kan vera eit asiatisk slektsnamn og eit vestleg kortnamn brukt av både menn og kvinner.
Kim har namnedag den 20. mars i Noreg og Sverige.
Slektsnamn
[endre | endre wikiteksten]Kim kan vera eit koreansk og vietnamesisk slektsnamn som stammer frå kinesisk Jin og betyr 'gull'. Det koreanske slektsnamnet 김 hadde tidlegare transkripsjonen Kim og seinare Gim. Dette namnet er det vanlegaste i Sør-Korea, der 10 millionar menneske, eller 22 %, av innbyggjarane, bar namnet i 2000. Namnet er også vanleg blant koreanske utvandrarar og etterkomarane deira.
Kim kan òg vera eit vietnamesisk kvinnenamn.
Kortnamn
[endre | endre wikiteksten]Kim kan vera ei skandinavisk kortform av Joakim og er då eit mannsnamn.
Det kan vera ei engelsk kortform av namn som Kimball, Kimberley og andre namn som byrjar med Kim-. Kortnamnet kan, som dei lengre namna, brukast av begge kjønn.
Namnet er kjend frå boka Kim av Rudyard Kipling, som har gjeve opphav til minneøvinga Kims leik.
Bruk
[endre | endre wikiteksten]
|
Kim tok til å brukast som døypenamn i USA på 1930-talet for gutar, frå 1940-talet for jenter. På 1950-talet steig bruken for jenter til opptil 0,6 %, medan bruken for gutar sokk.
Kim var eit populært namn for gutar fødd i Noreg på 1980-talet.
Namneberarar
[endre | endre wikiteksten]Slektsnamn
[endre | endre wikiteksten]- Kim Gu (1876-1949), koreansk nasjonalist
- Kim Kyu-sik (1881-1950), sørkoreansk politikar
- Kim Il-sung (1912–1994), statsleiar i Nord-Korea
- Kim Ki-young (1919-1998), sørkoreansk regissør
- Kim Dae-jung (f. 1925), sørkoreansk politikar, tidlegare president og vinnar av Nobels fredspris i 2000
- Kim Jaegyu (1926–1980), sørkoreansk etteretningsoffiser kjend for å ha drepe president Park Chung Hee i 1979
- Kim Yong-sam (f. 1927), sørkoreansk politikar
- Kim chi-ha (f. 1941), sørkoreansk dramatikar
- Kim Jong-il (f. 1942), statsleiar i Nord-Korea
- Scott Kim (f. 1955), amerikansk spelutviklar
- Kim Ki-duk (f. 1960), sørkoreansk regissør
- David Dae Kim (f. 1968), amerikansk skodespelar kjent frå TV-serien Lost
- Kim Jung-Woo (f. 1982), sørkoreansk fotballspelar
Mannsnamn
[endre | endre wikiteksten]- Kim Larsen (f. 1945), dansk songar
- Kim Haugen (f. 1958), norsk skodespelar
- Kim Thayil (f. 1960), USA-amerikansk gitarist, kjend frå Soundgarden
- Kim Christiansen (f. 1976), norsk snøbrettkøyrar
- Kim Ojo (f. 1988), nigeriansk fotballspelar
- Kim Rune Hagen (f. 1990), norsk songar
Kvinnenamn
[endre | endre wikiteksten]- Kim Hunter (1922-2000), amerikansk skodespelar
- Kim Friele (f. 1935), norsk forfattar og homofil
- Kim Småge (f. 1945), norsk forfattar
- Kim Basinger (f. 1953), amerikansk skodespelar
- Kim Cattrall (f. 1956), engelsk skodespelar
- Kim Warnick (f. 1959), amerikansk musikar
- Sandra Kim, artistnamnet til Sandra Caldarone (f. 1972), belgisk Eurovision-vinnar
- Lil' Kim, artistnamnet til Kimberly Denise Jones (f. 1975), amerikansk rappar
- Kim Kardashian (f. 1980), USA-amerikansk kjendis
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ «Navnestatistikk». Statistisk sentralbyrå. Statistikk for navn i Norge
- ↑ «Digitalarkivet». Arkivverket. Folketellinger i Norge
- Internasjonal namnestatistikk for Kim på behindthename.com
- Denne artikkelen bygger på «Kim (navn)» frå Wikipedia på bokmål, og «Gim» frå Wikipedia på bokmål den 18. mars 2009.