Hopp til innhald

Kimberlitt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kimberlitt frå USA

Kimberlitt er ein mørk, porfyrisk bergart. Det er ein peridotitt med fenokrystall av flogopitt og olivin. Ofte er kimberlitt serpentinisert. Kimberlitt finst i form av breksje i dei diamantførande eksplosjonsrøyra i Sør-Afrika, på overflata forvitra til ein blaut, gul bergart (yellow ground) som på djupet går over i ein fast bergart (blue ground). Kimberlittar finst òg som gangar, ofte knytt til karbonatittkompleks, som damtjernitt.

«kimberlitt» i Store norske leksikon, snl.no.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Kimberlitt