Kirov i Kirov oblast
Kirov Киров | |||||
---|---|---|---|---|---|
| |||||
Plassering | |||||
Styresmakter | |||||
Land | Russland | ||||
Føderasjonssubjekt | Kirov oblast | ||||
Grunnlagd Bystatus |
1374 1374 | ||||
Borgarmeister | Vladimir Bykov | ||||
Geografi | |||||
Flatevidd - By |
757 km² | ||||
Innbyggjarar - Totalt (2007) - folketettleik |
466 300 616 /km² | ||||
Koordinatar | 58°36′N 46°39′E / 58.600°N 46.650°E | ||||
Høgd over havet | 150 moh. | ||||
Tidssone - Ved sommartid |
MSK (UTC+3) MSD (UTC+4) | ||||
Diverse annan informasjon | |||||
Postnummer | 610000–610052 | ||||
Retningsnummer (tlf) | (+7)8332 | ||||
Bilnummer | 43 | ||||
Nettstad: www.admkirov.ru/ |
Kirov (kyrillisk skrift Ки́ров), frå 1781 til 1934 kjend som Vjatka (kyrillisk Вятка) og før 1781 Khlynov (kyrillisk Хлынов), er ein by og administrativt senter i Kirov oblast i Russland. Byen ligg ved elva Vjatka og har om lag 460 000 innbyggjarar.
Historie
[endre | endre wikiteksten]Fortet Khlynov, like vest for Uralfjella, vart grunnlagt av handelsmenn frå Novgorod i 1374. Han vart første gong nemnd som by i dokument frå 1457. Khlynov vart innlemma i Storfyrstedømet Moskva i 1489. Byen vart kjent over heile Russland for sine leirstatuettar og fløyter. Det eldste gjenverande monumentet i byen er Maria himmelfarts-katedralen frå 1689, som er krona med fem kuplar.
I 1781 døypte Katarina den store Khlynov til Vjatka og gjorde byen til senter i eit eige gubernija. Byen gjorde òg teneste som eksilstad, spesielt for Aleksander Herzen og Mikhail Saltykov-Sjtsjedrin. Ved slutten av 1800-talet var han ein viktig stasjon på den transsibirske jernbanen. I desember 1934 vart byen kalla opp etter den sovjetiske leiaren Sergej Kirov, som vart myrda 1. desember.
Økonomi
[endre | endre wikiteksten]Kirov er eit senter for maskinbygging, metallurgi, belysning, trykkeri og tømmerindustri.
Byen er eit regionalt transportknutepunkt (den transsibirske jernbanen) og elvehamn. Kirov elvehamn gjekk konkurs sist på 1990-talet og alle elvebåtane vart seld. Kirov har vore kjent i naboregionane for sine særs dårlege vegar og gater.[1]
Flyplassen til byen er Kirov Pobedilovo lufthamn. På 1990-talet var denne lufthamna stengd og i årevis var det ingen rutefly som gjekk nokon stad. Rundt 2003 prøvde fleire selskap å starte flygingar frå Kirov til Moskva og Krasnodar i sommarsesongane og frå 2006 flyr eit lokalt selskap ruta til Moskva.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Kirov (Kirov oblast)» frå Wikipedia på bokmål, den 16. november 2008.
- Wikipedia på bokmål oppgav desse kjeldene: