Kitzbühel
Utsjånad
Kitzbühel | |||
by | |||
|
|||
Land | Austerrike | ||
---|---|---|---|
Distrikt | Kitzbühel | ||
Høgd | 762 m | ||
Areal | 58 km² | ||
Folketal | 8 544 (2005) | ||
Postnummer | 6370 | ||
Kitbuhel 47°26′47″N 12°23′31″E / 47.446388888889°N 12.391944444444°E | |||
Kart som viser Kitzbühel.
| |||
Wikimedia Commons: Kitzbühel | |||
Nettstad: http://www.riskommunal.at/kitzbuehel/ |
Kitzbühel er ein by og ein kommune i forbundslandet Tirol i Austerrike. Byen ligg ved elva Achen, sentralt i Kitzbühleralpane. Kitzbühel er distriktshovudstad i distriktet ved same namn som byen. Kommunen er på 58 km² og har i kring 8 300 ibuarar i 2016. Kitzbühel ligg 762 meter over havet og rundt 95 km aust for Innsbruck, hovudstaden i forbundslandet.
Kitzbühel er ein av dei mest kjende vintersportsstadene i Austerrike. Kvar vinter i januar vert Hahnenkamm-renna, tevlingar i slalåm og utfor som inngår i verdscupen i alpine greiner, arrangert frå fjellet Hahnenkamm ved Kitzbühel.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Kitzbühel» frå Wikipedia på tysk, den 24. januar 2014.