Hopp til innhald

Kjølsvin

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kjølsvinet er kerka 17.

Kjølsvin, eller kjølsvill, er ein langsgåande planke eller bjelke som forsterkar ein båt eller eit skip av tre. Kjølsvinet strekker seg over heila lengda til kjølen og er festa til denne[1]. På eldre treskip låg kjølsvinet oppå spanta rett over kjølen, og var bolta til kjølen gjennom botnstokkane[1].

Opphavet til namnet «kjølsvin» er noko diffus. Det kan vera avleidd frå «kjølsvill», ved at «svill» har vorte til «svin», men det kan òg vera at «svin» syner til at botnvatn med rusk og rask samlar seg der.

Referansar

[endre | endre wikiteksten]
  1. 1,0 1,1 A. Osnes, Klølsvin, Store norske leksikon, 13. november 2020.