Klemet Espeset
Utsjånad
Klemet Espeset | |
Fødd | 22. januar 1828 |
Død |
3. februar 1915 (87 år) |
Yrke | musikar |
Klemet Pedersson Espeset (22. januar 1828–3. februar 1915) var ein norsk plassemann og felespelar frå Øn sokn i Hyllestad.
Klemet var fødd på garden Hydalen i Øn sokn. Han gifta seg i 1850 og flytta kring midten av 1850-åra til husmannsplassen Espeset under garden Lone i Fjaler. På denne husmannsplassen, som låg på austsida av Langesjøen, budde han til han var nærmare 80 år. Siste leveåra budde han på sjølve garden Lone Fjaler på fattigkassa sin kostnad.
Klemet Espeset spele på hardingfele i mange bryllaup. Han kunne mange særmerkte slåttar som Arne Bjørndal skreiv ned. Ein av desse slåttane var den særmerkte Styggemannsslåtten, ein variant av Fanitullen.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Norsk Allkunnebok. IV, bandet. 1952
- Kyrkjebøker for Askvoll og Holmedal