Knesset
Knesset | |||
| |||
Knesset 31°46′36″N 35°12′19″E / 31.776667°N 35.205278°E |
---|
Knesset (hebraisk כנסת, 'forsamling') er nasjonalforsamlinga i Israel. Ho held til i Givat Ram i Jerusalem. Knesset har eitt kammer med 120 medlemmer som blir valde for ein fireårsperiode. Ingen politiske parti har nokon gong hatt absolutt fleirtal i nasjonalforsamlinga.
Historie
Knesset blei skipa på ein bakketopp i Sheikh Badr-distriktet vest i Jerusalem før Den israelske sjølvstendekrigen i 1948. Før det blei laga ein permanente bygning til forsamlinga hadde Knesset møtet i bygningane til Den jødiske agendaen i Jerusalem, Kessem kino-bygning i Tel Aviv og Froumine-bygningen i Jerusalem.
I 1957 melde James A. de Rothschild at han ville støtta bygginga av ein permanent bygning som ei gåve til staten Israel. 14. oktober 1958 blei grunnsteinen for ein ny Knesset-bygning lagt ned på land leigd av den gresk-ortodokse kyrkja i Jerusalem.[1] Bygningen blei innvigd den 31. august 1966.
Ordførande leiarar i Knesset
Namn | Periode | Parti | ||
---|---|---|---|---|
1. | Josef Sprinzak | 1949–1959 | Mapai | |
2. | Nahum Nir | 1959 | Adut Avoda | |
3. | Kadish Luz | 1959–17. november 1969 | Mapai/ HaMa'arakh | |
4. | Reuven Barkat | 17. november 1969–1972 | HaMa'arakh | |
5. | Yisrael Yeshayahu | 1972–1977 | HaMa'arakh | |
6. | Yitzhak Shamir | 1977–1980 | Likud | |
7. | Yitzhak Berman | 1980–20. juli 1981 | Likud | |
8. | Menachem Savidor | 20. juli 1981–13. august 1984 | Likud | |
9. | Shlomo Hillel | 13. august 1984–21. november 1988 | HaMa'arakh | |
10. | Dov Shilanskij | 21. november 1988–13. juli 1992 | Likud | |
11. | Shevah Weiss | 13. juli 1992–17. juni 1996 | Avoda | |
12. | Dan Tichon | 17. juni 1996–7. juni 1999 | Likud | |
13. | Avraham Burg | 7. juni 1999–17. februar 2003 | Yisrael Akhat | |
14. | Reuven Rivlin | 17. februar 2003–17. april 2006 | Likud | |
15 | Dalia Itzik | 17. april 2006–idag | Kadima |
Kjelder
- ↑ Defacement in Jerusalem monastery threatens diplomatic crisis Haaretz, 8. oktober 2006
- Denne artikkelen bygger på «Knesset» frå Wikipedia på bokmål, den 1. mars 2015.