Kokelv
Kokelv | |||
stad | |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Finnmark | ||
Kommune | Hammerfest | ||
Postnummer | 9715 KOKELV | ||
Preposisjon | i Kokelv | ||
Ferdselsårer | Fv 182 889 | ||
Kokelv 70°36′47″N 24°39′09″E / 70.61305556°N 24.6525°E |
Kokelv (nordsamisk Goavkejohka eller Jàhkovuona) er ei bygd og eit kyrkjesokn i Kvalsund-området i Hammerfest kommune, nordvest i Finnmark fylke.
Bygda ligg inst i fjorden Revsbotn. I Kokelv ligg Kokelv sjøsamiske museum, Kokelv kyrkje, reiselivsverksemda Kokelv Sjøhus og barne- og ungdomsskulen Kokelv skole. Bygda har òg eit grendehus og eit bu- og servicessenter.
Kokelv kyrkjesokn
[endre | endre wikiteksten]Kokelv er eit kyrkjesokn i Hammerfest prosti i Den norske kyrkja.[1] Soknet femner den nordre delen av Kvalsund kommune, medan Kvalsund sokn femner den sørlege delen.
Soknet har ei kyrkje, Kokelv kyrkje frå 1960. Kyrkja blei bygd av tyske fredsvener (Aksjons soningstegn) etter andre verdskrigen. Ho blei innvigd første søndag i advent 1960, då to av dei tyske byggjarane også blei vigde der.[2]
Geografi
[endre | endre wikiteksten]Bygda ligg på 70. breiddegrad nord og 24. lengdegrad aust.
Referansar
[endre | endre wikiteksten]- ↑ «Om Kokelv sokn på nettstaden til Den norske kyrkja». Vitja 29. juni 2009
- ↑ Kokelv kirke Arkivert 2007-10-23 ved Wayback Machine., www.hammerfest-turist.no