Krasnyj Kholm
Krasnyj Kholm Красный Холм | |||
---|---|---|---|
| |||
Plassering | |||
Styresmakter | |||
Land | Russland | ||
Føderasjonssubjekt | Tver oblast | ||
Grunnlagd Bystatus |
1518 1776 | ||
Geografi | |||
Innbyggjarar - Totalt (2008) |
5 965 | ||
Koordinatar | 58°03′00″N 37°01′00″E / 58.05000°N 37.01667°E | ||
Tidssone - Ved sommartid |
MSK (UTC+3) MSD (UTC+4) | ||
Diverse annan informasjon | |||
Postnummer | 171660 | ||
Retningsnummer (tlf) | 48237 |
Krasnyj Kholm (russisk Кра́сный Холм, tyder Raud ås) er ein by i Tver oblast i Russland med om lag 6000 innbyggjarar. Han ligg 160 km nordaust for Tver.
Krasnyj Kholm vart først nemnt i 1518, som landsbyen Spas-na-Kholmu. Landsbyen høyrde til Antonijev av St. Nikolai-klosteret til landområdet vart sekularisert i 1764. I 1776 fekk byen byrettar og det noverande namnet sitt. Jernbanen mellom Rybinsk og St. Petersburg nådde Krasnyj Kholm i 1899, og sette fart på byutviklinga.
Ved breidda av elva Mologa, mindre enn tre kilometer frå Krasnyj Kholm, ligg ruinane av Antonijevklosteret som gav opphav til byen. Klosterkatedralen vart bestilt av Andrej Bolsjoj i 1481. Han vart innvigd i 1493 og vart ombygd i kalkstein eit halvt hundreår seinare. Denne bygningen, som var den eldste i oblasten, vart lagt i grus av bolsjevikane. Han står framleis utan tak og forfell.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Ruins of the Krasnokholmsky Monastery Arkivert 2007-03-11 ved Wayback Machine.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Delar av denne artikkelen bygger på «Krasnyj Kholm» frå Wikipedia på bokmål, den 25. januar 2009.