Kristian Hammer
Kristian Hammer | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 20. mars 1976 (48 år) Narvik |
Idrett | kombinert |
Tok del i | Vinter-OL 2006, Vinter-OL 1998, Vinter-OL 2002 |
Kristian Hammer (fødd 20. mars 1976) er ein norsk tidlegare kombinertrennar og seinare -trenar. Han vann bronsemedaljen i kombinert-sprinten under VM 2005 i Oberstdorf. Både i 2001 og 2005 var han med på Noregs firemannslag i kombinert-stafett og vann bronsemedalje ved begge høva. Gjennom dei to sesongane 2000 og 2001 sigra han i fire verdscuprenn. Dobbelt noregsmeister i 2003. Hammer er fødd i Narvik, oppvaksen på Setermoen i Bardu. Han, som representerte Eidsvold Værks Skiklubb, hadde sin styrke i langrennsløypa.
Karriere
[endre | endre wikiteksten]Hammer debuterte i verdscupen i kombinert i Liberec i januar 1995 og vart nummer elleve. Sesongen etter vart han i Asiago juniorverdsmeister i kombinert, og kom på sjuandeplassen i eit verdscuprenn i Trondheim på tampen av same sesongen. Gjennom 1997-sesongen stod han for fine prestasjonar i fire verdscuprenn og fekk sin fyrste pallplass i Val di Fiemme. Han vart då nummer tre på den italienske landsbygda, eit resultat han kopierte i Holmenkollen i 1998.
Hammer deltok ikkje i konkurransar i 1999, grunna sjukdom. Han kom tilbake i 2000-sesongen og slo seg då inn i verdseliten med sin fyrste verdscupsiger, i Sapporo, og tre tredjeplassar. Tre nye sigrar i verdscupen noterte han seg for i 2000/01-sesongen, men høgdepunktet kom då han gjekk Noreg inn til VM-gull i lagtevlinga i verdsmeisterskapen i Lahti. Dei andre på laget var Kenneth Braaten, Sverre Rotevatn og Bjarte Engen Vik. I dei individuelle tevlingane i meisterskapen vart Hammer nummer fem og sju.
Også i 2001/02-sesongen lova det godt for Hammer då han kom på tredjeplass i begge renna under opningshelga i verdscupen i finske Kuopio. Men desse tevlingane vart hans beste for sesongen. I vinterolympiaden i Salt Lake City var åttandeplassen i normaløvinga hans beste prestasjon. Hammer vart i 2003 nummer fem i normaløvinga med 15 km langrenn og nummer seks i halvprogrammet (7,5 km langrenn) under verdsmeisterskapen i Val di Fiemme. Han klarte ikkje å kome på pallen i noko verdscuprenn den sesongen, men i Lahti vart han nummer fire.
Etter ein 2004-sesong utan sterke prestasjonar, kom Hammer tilbake og fekk plass på det norske firemannslaget som gjekk til topps i lagtevlinga i ski-VM 2005 i Oberstdorf. Her fekk han æra av å gå sisteetappen og kom i mål vel sju sekundar føre Tysklands og Austerrikes ankermenn som tok dei andre medaljeplassane. Petter Tande, Håvard Klemetsen og Magnus Moan gjekk dei tre fyrste langrennsetappane for Noreg. I den siste kombinertøvinga i meisterskapen overraska Hammer med å gå inn til bronsemedalje, hans beste enkeltprestasjon i sesongen.
Midt i desember 2005 gjekk han i Ramsau inn til fjerdceplassen i eit verdscuprenn med massestart, men utover i OL-sesongen hamna han langt nede på resultatlistene og ved seongslutt i mars 2006 la han opp som kombinertrennar. Han gjekk så over i trenarroller for det norske kombinertlandslaget.
Besteplasseringar i internasjonale meisterskap og renn
[endre | endre wikiteksten]- 1997: Nr 3 i Val di Fiemme
- 1998: Nr 3 i Holmenkollen
- 2000: Nr 3 i Lahti
- 2001: Vinnar på Lillehammer, i Reit im Winkl og Sapporo. VM-gull i lagtevlinga
- 2001/02: To gongar nr 3 i Kuopio
- 2003: Nr 5 i ski-VM i Val di Fiemme, nr i 4 verdscupen i Lahti
- 2004: Nr 12 i Val di Fiemme og i Seefeld
- 2005: Bronsemedalje i ski-VM i Oberstdorf. VM-gull i lagtevlinga
Medaljar og besteplasseringar i noregsmeisterskap
[endre | endre wikiteksten]- Ski-NM 1995: Nr 8 i Oslo
- Ski-NM 1997: Sølvmedalje i Mo i Rana
- Ski-NM 1998: Sølvmedalje i Berkåk
- Ski-NM 2000: Nr 2 i kombinert-sprint og nr 6 i kombinert-normal
- Ski-NM 2001: Sølvmedalje i Steinkjer
- Ski-NM 2003: Gullmedalje i begge øvingane i Molde
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Sportsboken, aktuell årgangar
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Kristian Hammer i fis-ski.com
- Kristian Hammer i olympedia.org