Kristoffer
Kristoffer eller Kristofer er eit mannsnamn nytta mellom anna i Noreg. Namnet er ei form av det greske namnet Khristofóros som tyder «Han som ber Kristus (i hjarta sitt)». På Island var namnet i bruk frå på 1200-talet, medan det i Noreg kom i bruk kring 1500 og var mykje brukt på 1700-talet. Frå 1970-talet tok bruken av namnet seg opp att, då ofte skrive Christoffer eller Christopher. Ein annan variant er Kristopher.
I Noreg har Stoffer vore brukt som kortform av namnet, medan Chris har vore brukt i engelsk. Kvinnenamnet Kristoffa er avleidd av Kristoffer.
Den heilage Kristoforos
[endre | endre wikiteksten]Den heilage Kristoforos, som skal ha lide martyrdøden i Lykia i Litleasia kring år 250, er i den katolske kyrkja vernehelgen for dei reisande, bilistar, sjåførar, syklistar, pilotar, skipperar, ferjemenn, sjøfolk, fløytarar, pilegrimar, idrettsutøvarar, gruvearbeidarar, tømmermenn, hattemakarar, fargarar, bokbindarar, skattegravarar, frukthandlarar, gartnarar, lækjarar, gravide kvinner og barn; for gater, bruer og festningar; mot vatn, brann, tørke, uvær og pest; mot augesjukdommar, tannverk og sår; mot ein uventa død og for ein god død. Han er ein av dei 14 naudhjelparane.
Namnedagar
[endre | endre wikiteksten]- Norsk namnedag: 18. desember (tidlegare 25. juli).
- Svensk namnedag: 15. mars.
- Minnedag i den katolske kyrkja: 25. juli, i Tyskland 24. juli, og i Austkyrkja oftast minna 9. juli
Kjende berarar av namnet
[endre | endre wikiteksten]- Kristoffer av Bayern (1416-1448), nordisk konge
- Kristoffer Trondsen (1500-1565), norsk adelsmann
- Kristoffer Olsen Uhlen (1757-1841), norsk stortingsmann
- Kristoffer Borgersson Hoen (1767-1845), Eidsvollsmann
- Kristoffer Simonsson Fougner (1795-1869), norsk stortingsmann
- Kristoffer Nilsen Svartbækken Grindalen (1804-1876), den siste som vart offentleg avretta i fredstid i Noreg (Løten)
- Kristoffer Svanø (1810-1887), norsk stortingsmann
- Kristofer Janson (1841-1917), norsk forfattar
- Kristofer Marius Hægstad (1850-1927), norsk språkforskar
- Kristofer Kristofersen (1851-1892), norsk forfattar
- Kristofer Lehmkuhl (1855-1949), norsk statsråd
- Kristofer Uppdal (1878-1961), norsk forfattar
- Kristoffer Kruken, norsk namnegranskar
- Kristopher Schau (f. 1970), norsk rockemusikar og komikar
- Kristoffer Joner (f. 1972), norsk skodespelar
- Kristoffer Tømmerbakke (f. 1983), halvparten av duoen Erik og Kriss
- Kristofer Hæstad (f. 1983), norsk fotballspelar
- Christoffer Dahl (f. 1984), norsk fotballspeler
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Søk etter norsk namnestatistikk for Kristoffer hjå Statistisk Sentralbyrå
- Søk etter norsk namnestatistikk for Kristopher hjå Statistisk Sentralbyrå