Hopp til innhald

Kvantegravitasjon

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Kvantegravitasjon er kvanteteorien for gravitasjon eller tyngdekraft.

I den generelle relativitetsteorien vert gravitasjon representert som eit krumt, kontinuerleg tid-rom, der materie og stråling krummar tid-rommet, samstundes som krumminga avgjer rørslene til materien. I kvantefysikken har materie og stråling ein kvantenatur, og for å skildre vekselverknaden mellom denne kvantiserte energien og tid-rommet, må ein ha ein teori der tid-rommet er kvantisert.

Ein har til no ikkje ein akseptert teori for kvantegravitasjon, men det er vert drive mykje forsking på området.