Hopp til innhald

Laura Dahlmeier

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Laura Dahlmeier


Statsborgarskap Tyskland
Fødd 22. august 1993 (31 år)
Garmisch-Partenkirchen
Idrett skiskyting
Tok del i Skiskyting under Vinter-OL 2018 – Sprint kvinner, VM i skiskyting 2019, Skiskyting under Vinter-OL 2018 – Sprint kvinner, Skiskyting under Vinter-OL 2014 – Jaktstart kvinner, Skiskyting under Vinter-OL 2018 – Jaktstart kvinner, Skiskyting under Vinter-OL 2014 – Normaldistanse kvinner, Skiskyting under Vinter-OL 2018 – Normaldistanse kvinner, Skiskyting under Vinter-OL 2018 – Fellesstart kvinner, Skiskyting under Vinter-OL 2014 – Sprint kvinner
Utmerkingar Den bayerske fortjenstorden

Laura Dahlmeier (fødd 22. august 1993) er ein tysk skiskyttar frå Garmisch-Partenkirchen som har vunne både gull, sølv og bronse i VM 2015 og 2016, samt seks renn i verdscupen i skiskyting.

Dahlmeier debuterte i verdscupen i skiskyting i 2013-sesongen og deltok i Vinter-OL 2014 i Sotsji. Ho vann sitt fyrste verdscuprenn då ho sigra i 7,5 km i Nové Město na Moravě 7. februar 2015 og har pr 1. mars 2016 vunne i alt seks tevlingar i verdscupen, tre av dei i jaktstart.

Under VM i skiskyting 2015 i Kontiolahti kom ho på fjerdeplassen i sprinten og tok sølvmedaljen i den etterfylgjande jaktstarten. Sidan vart ho nummer seks i 15 km og gjekk så Tysklad inn til gullmedalje i 4 x 6 km stafett. Året etter tok ho bronsemedaljen i 7,5 km sprint då VM i skiskyting 2016 fann stad i Oslo.