Laurentz Johansen
Laurentz Johansen | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 21. september 1837 Kristiansand kommune |
Død |
16. juli 1918 (80 år) |
Yrke | politikar |
Språk | norsk |
Laurentz Johansen (21. september 1837–16. juli 1918) var ein norsk snikkarmeister, tobakksfabrikant og stortingsmann frå Kristiansand.
Johansen var son til ein snikkar, og vart sjølv lært opp i faget. Han vart utlært snikkar i heimbyen, og arbeidde sidan som svein i både Sverige, Danmark og Tyskland. Sidan dreiv han ei større møbelforretning i Kristiansand, frå 1869 hadde han ein fabrikk som laga skråtobakk. I 1892 brann møbelforretninga ned, og vart ikkje teken opp att. Han starta i staden opp produksjon av sigarar i tillegg til skråtobakken.
Johansen var medlem av formannskapet i Kristiansand i 20 år, eitt år varaordførar. Han var medlem av forlikskommisjonen, sparebankdirektør, og hadde elles mange andre verv.
Johansen representerte Kristiansand på Stortinget 1883-88 og 1892-94, samt han møtte største delen av valperioden 1898-1900, då han var vald til 1. varamann. 1883-85 var han medlem av tollkomiteen. Dei neste periodane, 1886-88 og 1892-94, var han medlem i same komiteen og i tillegg medlem av Lagtinget. Han var 1898-99 medlem av gasje- og pensjonskomiteen, og 1899-1900 av næringskomite nr 1.
Han døydde i Kristiansand i 1918.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Lindstøl, Tallak (1914). «Johansen, Laurentz». Stortinget og statsraadet: 1814-1914. Kristiania: [Steenske bogtrykkeri]. s. 452.
- Haffner, Vilhelm (1949). Stortinget og statsrådet: med tillegg til Tallak Lindstøl: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Oslo: [Aschehoug]. s. 25.
- Biografisk informasjon om Laurentz Johansen NSD Norsk senter for forskningsdatas politikararkiv