Hopp til innhald

Lisetitt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Lisetitt er eit mineral som første gongen vart skildra i 1986 frå ein eklogitt ved Liset i Selje. Mineralet er fargelaust, rombisk og den kjemiske formelen er CaNa2Al4Si4O16. Mineralet er berre stabilt ved relativt høge trykk.