Hopp til innhald

London Borough of Hackney

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
London Borough of Hackney
bydel
Land  England
Region Stor-London
Areal 19,0492 km²
Folketal 279 665 (2018)[1]
Kart
London Borough of Hackney
51°32′41″N 0°03′27″W / 51.544722222222°N 0.0575°W / 51.544722222222; -0.0575
Wikimedia Commons: London Borough of Hackney

Hackney er ein bydel i den nordaustlege delen av det indre London. Han blei oppretta i 1965, då distrikta Hackney, Shoreditch og Stoke Newington blei slått saman. Den er ein av dei fattigaste bydelane i London, men har samstundes eit rikt kulturliv. Hackney var ein av fem bydelar som var vertskap for Sommar-OL 2012 i London.

Bydelen har ein direkte vald borgarmeister, men er òg underlagt styresmaktene i Stor-London.

Hackney er den einaste bydelen i indre London nord for Themsen som ikkje har ein undergrunnsstasjon, dersom ein ser bort frå Manor House, som ligg på grensa til Haringey. Eit prosjekt for utviding av undergrunnsnettet slik at det blir betre tilbod i Hackney var under utarbeiding pr. februar 2005.

Stader i Hackney

[endre | endre wikiteksten]
Stader i Hackney

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: London Borough of Hackney
  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 http://www.ons.gov.uk/peoplepopulationandcommunity/populationandmigration/populationestimates/datasets/populationestimatesforukenglandandwalesscotlandandnorthernireland.