Mähren
Mähren | |||
region | |||
|
|||
Land | Tsjekkia | ||
---|---|---|---|
Mähren 49°30′N 17°00′E / 49.5°N 17°E | |||
Kart som viser noverande provinsar i Tsjekkia, med det historiske Mähren avmerkt i grønt
| |||
Wikimedia Commons: Moravia |
Mähren (tsjekkisk Morava, latin Moravia) er ein historisk region i Tsjekkia og Slovakia i Sentral-Europa. Det geografiske området i Tsjekkia er ikkje lenger ein administrativ eining. Saman med det historiske området Böhmen utgjer det staten Tsjekkia, som vart oppretta i 1993. Den historiske hovudstaden i regionen er Brno (Brünn). Regionen er kalla opp etter elva Morava (mars) og slaviske stammer slo seg ned her ein gong etter år 500.
Stor-Mähren var eit slavisk kongedøme som omfatta dagens Mähren og Slovakia mellom 833 og byrjinga av 900-talet. Riket vart etter kvart svekka og ungararane, som kom frå Asia, øydela det i 907. Den vestlege delen vart annektert av kongeriket Böhmen i 955, tatt over av Polen i 999 og til slutt ein del av Böhmen i 1019. Folkesetnaden vart stort sett tsjekkifisert på 1800-talet.
Den austlege delen, det som i dag er Slovakia, vart i sør erobra av ungararane på 920-talet, og i 1000 eller 1001 vart heile dagens Slovakia overteke av Polen under Boleslaw I. Polen sitt styre tok slutt i 1025 eller 1029, og i 1030 vart den sørlege halvdelen igjen teke av ungararane som styrte området fram til slutten av 1300-talet. Mähren var seinare ein del av keisarriket Austerrike-Ungarn. Etter den første verdskrigen gjekk Austerrike-Ungarn i oppløysing og Mähren vart ein del av Tsjekkoslovakia. Under den andre verdskrigen var Mähren ein del av det tyske protektoratet Böhmen-Mähren. Etter oppløysinga av Tsjekkoslovakia i 1993, var det tilløp til separatisme i Mähren. Det viste seg derimot snart at entusiasmen for å opprette eit sjølvstendig Mähren var heller laber.
Dialektane i Mähren (moravisk) er rekna som overgangsformer mellom tsjekkisk og slovakisk.
Kjende personar frå Mähren
[endre | endre wikiteksten]- Sigmund Freud, nevrolog og opphavsmannen til den psykoanalytiske skulen av psykologien
- Kurt Gödel, logikar, matematikar og filosof
- Edmund Husserl, matematikar og filosof, grunnleggjar av fenomenologien, ei av dei viktigaste filosofiske retningane i det 20. hundreåret
- Leoš Janáček, romantisk komponist
- Adolf Loos, skribent og arkitekt
- Tomáš Masaryk, den første presidenten av Tsjekkoslovakia
- Alfons Mucha, målar, plakatkunstnar og kunsthandverkar
- Joachim Oppenheim, forfattar og rabbinar
- Karl Renner, politikar, bibliotekar og diplomat
- Emil Zátopek, friidrettsutøvar