Mütterlein
Mütterlein song | ||
Låtskrivar(ar) | Gerhard Winkler, Fred Rauch |
---|
«Answer Me» er ein popsong, opphavleg kalla «Mütterlein» med tysk tekst av Gerhard Winkler og Fred Rauch i 1952. Den engelske teksten var skriven av Carl Sigman i 1953, og vart sidan «Answer Me, My Love».
Sigman skreiv opphavleg songen som ein religiøs song, der den første linja var «Answer me, Lord above». Etter at songen vart spelt inn av David Whitfield og Frankie Laine i 1953, vart den «religiøse» versjonen bannlyst på BBC etter klagar.[1] Den omskrivne teksten til Sigman nådde toppen av UK Singles Chart.[2] Songen vart ein enno større hit i USA for Nat King Cole i 1954.[3]
Whitfield si utgåve gjekk til topps på den britiske singellista, og vart så erstatta av utgåva til Laine. Dette var første gongen i historia til denne hitlista at ein versjon av ein song vart slått ned frå toppen avlista av ein annan.[2]
Innspelingar
[endre | endre wikiteksten]- The Bachelors (1969, LP The World of The Bachelors Vol 3)
- Gene Ammons
- Petula Clark (1965), for albumet hennar The Other Man's Grass Is Always Greener (1968).`
- Nat King Cole (1954)
- Harry Connick jr. (2009)
- Bing Crosby
- Barbara Dickson sin versjon frå 1976 vart den første hitten hennar i Storbritannia, der han nådde 9. plassen.
- Franck Pourcel (1983, LP In A Nostalgia Mood)
- Renée Fleming
- The Happenings
- Bobby Hatfield
- Engelbert Humperdinck
- Frankie Laine (1953)
- Gisele MacKenzie
- Joni Mitchell (2000) på albumet hennar Both Sides Now
- Ray Peterson (1960)
- Gene Pitney
- P. J. Proby (1965)
- Johnny Rivers
- Don Shirley
- Ray Stevens (1968)
- Jerry Vale (1972)
- David Whitfield (UK, 1953; to versjonar med forskjellig tekst)
- Barbara Dickson (UK, 1976)
- Bryan Ferry
- Betty Buckley
- Roy Orbison
- The Harptones (1960)
- Tierney Sutton (2012)
- Mark Wynter (1964)
- Will Young (2016)
Tyske versjonar
- Leila Negra
- Rudi Schuricke
- Wolfgang Sauer (1954) som Glaube mir
Norske versjonar
Viggo Sandvik og Eldar Vågan skreiv ein norsk tekst til songen, «Hør på meg», som vart spelt inn av Vazelina Bilopphøggers i 1992 på albumet 11 år uten kvinnfolk - En norsk bygdetragedie.
Framføringar
[endre | endre wikiteksten]- Songen vart framført på scenen (men ikkje innspelt) av Bob Dylan tidleg i 1990-åra.
- Songen er òg stundom spelt av Keith Jarrett sidan 2010.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Mütterlein» frå Wikipedia på engelsk, den 14. juli 2021.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ The Times Online 6. august 2008 «The music the BBC banned»
- ↑ 2,0 2,1 Rice, Jo (1982). The Guinness Book of 500 Number One Hits (1st utg.). Enfield, Middlesex: Guinness Superlatives Ltd. s. 12. ISBN 0-85112-250-7.
- ↑ Whitburn, Joel (1986). Joel Whitburn's Pop Memories 1890-1954. Wisconsin, USA: Record Research Inc. s. 89. ISBN 0-89820-083-0.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Songar frå 1954
- Popballadar
- Songar skrivne av Carl Sigman
- Singlar frå 1953
- David Whitfield-songar
- Frankie Laine-songar
- Nat King Cole-songar
- Nummer-ein-singlar i Storbritannia
- Bert Kaempfert-songar
- Klaus Wunderlich-songar
- Eddy Arnold-songar
- Gene Pitney-songar
- Petula Clark-songar
- Bryan Ferry-songar
- Engelbert Humperdinck-songar
- Joni Mitchell-songar
- Elvira Nikolaisen-songar