Maldiskusjon:Tanákh
Akkurat no ser denne malen slik ut for meg (fordelt utover ei side) :
------------------- --- | | | | | t a n a k h | | | | | | | ------------------- | G | | | | T | | | | | | | ----- --------------------------- | deuterokanoniske | ---------------------------
Det må rettast på. Men hadde det ikkje uansett vore best å dela denne malen i tre? -- Ranveig 3. august 2005 kl. 21:50 (UTC)
- Problemet må rettast på om malen visest skeivt, ja. Men eg skjønner ikkje heilt korleis dette skjer — tabellcella som inneheld tabellen til venstre (Tanákh) er sett til 42 % relativ breidd, så fordeling burde fungere i alle oppløysingar med maksimalt ei line eller to skilnad mellom tabellhøgda for Tanákh og GT. Kva programvare/skjermoppløysing o.a. oppstår problemet i? Skjer det same i andre nettlesarar enn den dy brukar mest?
- Ei tredeling vil føre POV-problem med seg: Skal Esters bok ha Mal:Tanákh eller Mal:GT øvst/nærmast? osv. Ved den noverande parallelle løysinga ligg dei båe øvst. -- Olve 4. august 2005 kl. 01:10 (UTC)
Problemet viste seg å vera ganske prosaisk: Nettlesaren min delte ikkje ved bindestrekar, og dermed blei alle dei mindre profetane som eit einaste langt ord for han. -- Ranveig 4. august 2005 kl. 09:04 (UTC)
ortodoks kyrkje?
[endre wikiteksten]Akkurat no har me berre dei jødiske, katolske og protestanske versjonane av det gamle testamentet. Det er òg nokre deutrokanoniske bøker som berre vert brukt i den ortodokse kyrkja - til dømes salmen 151, Esdras, bøna åt Manasseh osv. Bør me inkludera dei òg? -- Arvind 3. august 2005 kl. 22:48 (UTC)
- Det er ikkje rett å kalla dei deuterokanoniske, av di det ikkje er alle ortodokse kyrkjer som reknar dei som kanoniske. Dei kan inkluderast som apokryfar. Cnyborg 3. aug. 2005 kl. 23:06 (UTC)
- Hmmm... poenget er at nokre kyrkjer tek dei som deutrokanoniske, og å seia at dei ikkje er deutrokanoniske høyrest derfor litt ut som POV. I malen heiter dei "Dei apokryfe eller deuterokanoniske skriftene" som er eit godt kompromiss. Når me faktisk skriv om dei kan me kanskje seia "i nokre ortodokse kyrkjer er desse bøkene sett på som deutrokanoniske" eller noko slikt. -- Arvind 3. august 2005 kl. 23:25 (UTC)
- Eg vil føreslå at vi beheld hovudbolken «Dei apokryfe eller deuterokanoniske skriftene», men at vi lagar underbolkane «Generelle» og «Lokale» e.l. -- Olve 4. august 2005 kl. 01:10 (UTC)
Eg har lagd inn bøkene godtekne som deuterokanoniske i den ortodokse kyrkja, men er litt usikker på kva som bør gjerast med Brevet åt Jeremia som er ein del av Baruk i den katolske kyrkja men er ei eiga bok i den ortodokse kyrkja. Eg har ikkje prøvd å gjera noko med dei ekstra bøkene som er brukt i den koptiske kyrkja. Eg trur ikkje at me klarar ha dei i den same malen. -- Arvind 5. august 2005 kl. 21:50 (UTC)
Forslag til ny mal
[endre wikiteksten]Mosebøkene øvst oppe er felles, deretter jødisk tradisjon til venstre og kristen til høgre. Dei apokryfe skriftene høyrer vel med til høgre? Dei er ikkje delte inn i kva kyrkjer som bruker dei, og Arvind sine forslag er ikkje tekne med. Kanskje me kan ha "brukt i den romersk-katolske kyrkja", "brukt i dei fleste ortodokse kyrkjene" og "brukt i den og den ortodokse kyrkja" eller noko slikt på dei. -- Ranveig 4. august 2005 kl. 09:04 (UTC)
Dei apokryfe skriftene er rekna som apokryfe i dei fleste protestantiske og jødiske tradisjonane; katolske og ortodokse kyrkjer, og i tillegg etiopisk jødedom, reknar nokre eller alle av desse skriftene som deuterokanoniske (eller til og med direkte kanoniske) og i nokre fall nokre av dei som apokryfe og andre som deuterokanoniske. Dermed blir det ikkje heilt rett å plassere dei deuterokanoniske/apokeryfe skriftene berre på den kristne sida av tabellen. I tilfellet Makkabearbøkene er faktisk deuterokanoniske/apokryfe skrifter den historiske hovudkjelda til den jødiske høgtida hanukká, og «‘Amidá» — ei av dei mest sentrale bønene i jødisk liturgi — er i stor grad ei vidareføring av tradisjonen nedskriven i Siraks bok.
Eg synest òg at heilskapsstrukturen i både den jødiske og den kristne tradisjonen går mindre tydeleg fram etter det nye forslaget — ein lyt vita kva som er kva for å kunna kjenne att kva tradisjon som er attgjeven til venstre eller høgre.
Foreløpig held eg eit par knappar på det gamle oppsettet, men med modifikasjon av bindestrek og mellomrom for å unngå nettlesarhikke. Eg har lagt inn ekstra mellomrom og gjort nokre andre småe endringar i malen no — har prøvd å berre leggje inn endringar som eg ikkje trur vil vera kontroversielle.
Men vi kan gjerne arbeide vidare på eit nytt oppsett — m.a. med meir estetisk oppsett/fargebruk. Element eg likar i det nye forslaget er (1) venstrestilt oppsett innanfor kvar tradisjon og (2) litt mindre «byråkratisk» fargebruk. -- Olve 5. august 2005 kl. 02:12 (UTC)
- Meir estetisk fargebruk skal bli! Fargen eg har valt er nokså tilfeldig (men kan kanskje minna litt om ein gammal skinnbibel). Han kan byttast ut. Det er òg mogleg å velja ulike fargar for jødisk og kristen tradisjon, og for dei apokryfe/deuter... andre skriftene om ein ønsker det.
- Eg trur det er best med ein samla tabell fordi det elles garantert vil bli luker ein eller annan stad, på ein eller annan sin skjerm. Overskrifta "Bibelen" kan sjølvsagt takast bort. Me kunne kanskje slått oss laus med eit lite jødisk symbol til venstre for tanákhoverskrifta, og eitt ved gt? -- Ranveig 5. august 2005 kl. 09:19 (UTC)
- Forresten: Eg tok ut dei doble vertikale strekane fordi dei ikkje sa meg noko, men eit par stader oppretta dei ei ny linje. Dersom dei er viktige, set dei gjerne inn igjen. -- Ranveig 5. august 2005 kl. 09:22 (UTC)