Mannsdagen
Utsjånad
Mannsdagen er ein merkedag som er skipa etter privat initiativ og har vore markert årleg på ulike datoar av somme organisasjonar i nokre land sidan 1980-talet.
I motsetnad til Den internasjonale kvinnedagen 8. mars kvart år, har Mannsdagen ingen offisiell status eller fast dato, men har vore lagt til mellom anna anten 7. oktober eller 19. november. I Noreg har det med ujamne mellomrom vore skipa til Mannsdag i privat regi 19. november, kjenneteikna av at talet på deltakarar har vore lite. Meininga med markeringane er gjere synleg at menn manglar rettar på visse område i høve til kvinner. Mannsdagen skal vere ei samling for alle som vil kjempe mot dei tradisjonelle og avgrensande førestellingane om kjønn og kjønnsroller.