Hopp til innhald

Maria de' Medici

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Maria de' Medici

Fødd26. april 1575
Firenze
Død3. juli 1642
Köln
TittelGovernor of the Bastille
Alle titlarFransk dronninggemalinne
Hus eller slektMedici
GravstadKlosterkyrkja Saint-Denis
LandFrankrike
MorJohanna av Østerrike
FarFrancesco I de' Medici
EktefelleHenrik IV av Frankrike
BarnLudvig XIII av Frankrike, Élisabeth de France, Christine de France, Gaston, Duke of Orléans, Henrietta Maria av Frankrike, Nicolas Henri, Duke of Orléans

Maria de' Medici (Maria av Medici, Maria di Francesco de' Medici 26. april 15754. juli 1642), var dronning av Frankrike gift med Henrik IV, og regent i landet frå 1610 til 1617.

Bakgrunn og giftarmål

[endre | endre wikiteksten]

Maria de' Medici tilhøyrde den mektige florentinske slekta Medici. Ho fekk god utdanning, og interesserte seg for vitskap og smykke. Ho fekk timar i teikning av målaren Jacopo Ligozzi, spelte musikk og likte teater og dans. I 1600 blei ho gift med Henrik IV. Dette var det andre ekteskapet hans.

Ekteskapet var blitt arrangert av økonomiske grunnar. Henrik var blitt lova at Maria skulle føra med seg ei medgift på 600 000 gullmyntar, og Maria blei omtalt som «storbanken». Vigselen fann stad ved ein representant i Firenze og personleg i Lyon etter eit høgtideleg velkomstarrangement i Marseille, der to tusen menneske hadde samla seg for å sjå henne.

I Frankrike bidrog Maria til å utvikla kunsten gjennom å opptre som vernar og samlar. Forholdet mellom Maria og Henrik var stormfullt og prega av offentlege scener ved hoffet. Maria var temperamentsfull og sjalu og påpeika utruskapane til Henrik, medan han på si side ofte nekta å betala rekningane hennar. Han utsette òg kroninga av henne heilt fram til 13. mai 1610, dagen før han sjølv blei drepen.

Kroninga av Maria de' Medici i St. Denis (detalj), av Peter Paul Rubens, 1622-1625.

Regentskap

[endre | endre wikiteksten]

Då Henrik døydde blei Maria de' Medici fransk regent som formyndar for den minderårige sonen sin, Ludvig XIII. Etter kort tid sa ho opp rådgivarane til ektefellen, ho var i ein svak posisjon i forholdet til adelen og utlandet. Ho hadde sine eigne favorittar som Leonora Galigari og Concino Concini, og favoriseringa av desse gjorde henne upopulær. Adelen såg på det som favorisering av utlendingar med mål om å undergrava Frankrike. Concino Concini la om utanrikspolitikken i sterk katolsk og spanskvennleg retning.

Bygginga og innreiinga av Palais du Luxembourg, som ho kalla Palais Médicis, opptok mykje av hennar tid. Ho kjøpte grunnen i 1612, og bygginga tok til i 1615 etter teikningar utført av Salomon de Brosse. Hoffmålaren hennar var Peter Paul Rubens.

Maria de' Medici inngjekk ein avtale som skulle gje religionsfridom til protestantane i ein periode på seks år. Ho slutta ein allianse med Spania gjennom ekteskapet mellom sonen Ludvig XIII og Anna av Austerrike, som blei inngått 21. november 1615. Ein av dei sterkaste motstandarane hennar var prinsen av Condé, som til slutt blei arrestert i 1616. I november same året blei Richelieu utnemnd til statssekretær for krig og utanrikspolitikk. Regjeringstida hennar fekk eit rykte på seg om å vera dominert av italienske favorittar, korrupsjon og økonomisk krise.

24. april 1617 blei ho avsett som regent gjennom eit kupp sonen Ludvig XIII hadde gjeve ordre om. Ho blei forvist til Château de Blois.

Seinare liv

[endre | endre wikiteksten]

I februar 1619 klarte Maria å rømma frå fangenskapet. Ho danna etter kvart ein allianse med den andre sonen sin, Gaston av Orleans, for å styrta Ludvig. Dette lykkast ikkje.

I 1620 vende ho tilbake til hoffet. Då Richelieu blei fyrsteminister for Ludvig XIII i 1624 freista Maria å styrta han, men måtte gje opp.

I 1631 flykta Maria till Brüssel noko som medførte at ho blei rekna som forrædar i Frankrike. Ho mista tittelen sin som dronning og det økonomiske underhaldet sitt. Ho vitja deretter fleire hoff rundt i Europa, mellom anna i England og Tyskland. Ho døydde i huset til Rubens i Köln, og er gravlagd i Klosterkyrkja Saint-Denis.

Maria de' Medici og familien hennar.
  1. Ludvig XIII av Frankrike, (1601–1643), gift med Anna av Austerrike
  2. Elisabet (1602–1644), gift med Filip IV av Spania
  3. Christine Marie (1606–1663), gift med Victor Amadeus I av Savoia
  4. Nicholas Henri, hertug av Orléans (1607–1611)
  5. Gaston, hertug av Orléans (1608–1660), gift med Maria av Montpensier
  6. Henrietta Maria, (1609–1669), gift med Karl I av England