Marit Bockelie
Marit Bockelie | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 9. oktober 1933 (91 år) |
Yrke | illustratør, musikar |
Marit Bockelie (fødd 9. oktober 1933) er ein norsk biletkunstnar og fløytist. Ho er fødd i Bodø, oppvaksen i Tromsø og busett i Oslo. Ho er utdanna ved Statens håndverks- og kunstindustriskole (1953–56), Accademia di Belle Arti («Mosaikkakademiet») i Ravenna (1956–59) og Statens Kunstakademi (1960–64). Verka hennar inkluderer mosaikk, teikning, akvarell, måling og grafikk. Ho har òg illustrert fleire bøker, med hovudvekt på utgjevingar med tema frå Nord-Noreg. Ho er representert i fleire utstillingar, mellom anna Nasjonalgalleriet.
Seinare studerte ho utøvande musikk ved Instituto Verdi (fire år) og ved Norges musikkhøgskole med diplomeksamen 1977. Ho har spelt solo i fleire orkester og i NRK.
I 1994 opna ho Skulpturlandskap Nordland. Ho skreiv og illustrerte si eiga musikkbok Marits egne drikkeviser (Emilia forlag, 2001).
Bockelie vart i 2020 utnemnd til riddar av 1. klasse av St. Olavs Orden for virket sitt som kunstnar.[1]
Prisar og utmerkingar
[endre | endre wikiteksten]- Tromsø bys stipend 1954-57, Troms fylkes kulturstipend 1965
- Statens arbeidsstipend 1985 og Tegneforbundets stipend 1985
- Petter Dass-medaljen 1984
- Troms fylkeskommunes kulturpris 1986
- Utnemnd til st Olavs orden 2021
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ «Utnevnelse til St. Olavs Orden» (på norsk). Henta 19. februar 2020.
- Denne artikkelen bygger på «Marit Bockelie» frå Wikipedia på bokmål, den 16. juli 2022.