Melozone
Melozone | |
Ravinetovi, Melozone fusca Foto: Greg Schechter
| |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Fuglar Aves |
Orden: | Sporvefuglar Passeriformes |
Overfamilie: | Passeroidea |
Familie: | Amerikasporvfamilien Passerellidae |
Slekt: | Melozone Reichenbach, 1850 |
Melozone er ei biologisk slekt av nokså store sporvefuglar med utbreiing konsentrert om Mexico, og dels inn i sørvestre USA og dels sørover i Sentral-Amerika til og med Costa Rica. Slekta inneheld mellom anna fire artar med fellesnemninga «tovi». Ho er ein del av amerikasporvfamilien, Passerellidae.
Skildring
[endre | endre wikiteksten]Melozone er dei største sporvane i Passerellidae-familien, typisk 18-19 centimeter i kroppslengd, men opptil 24 cm for den største, kaliforniatovi. Fjørdrakta er prega av grått til brunleg farge utan strekar, men mange har raudbrunt på eller rundt hovudet og/eller under gumpen. Fleire har kvitt i strupen eller kvite teikninga i ansiktet, kvitmaskesporv har ein kolossal kvit augering og kvit strupe og bryst. Kvitøyresporv er mørk med nær svart, hovud, strupe og bryst. To artar, brunkinnsporv og kvitstrupetovi er endemiske til Mexico. Kvittygelsporv, Melozone cabanisi, er endemisk for Costa Rica. Masketovi finst i eit lite område i USA (sørvestre Utah til søraustre California, sørlege Arizona, sørvestre New Mexico og så vidt inn i nordvestre Mexico.) Dette er standfuglar.
Melozone-sporvar beitar typisk på bakken og et ofte leddyr, men toviar tar vegetarkost, spesielt kaliforniatovi har frø som føretrekt føde.
Artslista
[endre | endre wikiteksten]Melozone i rekkjefølgje etter eBird/Clements Checklist v2017[1] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler:[2]
- Brunkinnsporv, Melozone kieneri, Rusty-crowned Ground-Sparrow, Bonaparte, 1850, (LC)
- Ravinetovi, Melozone fusca, Canyon Towhee
- Kvitstrupetovi, Melozone albicollis, White-throated Towhee, Sclater, 1858, (LC)
- Masketovi, Melozone aberti, Abert's Towhee, Baird, 1852, (LC)
- Kaliforniatovi, Melozone crissalis, California Towhee, Vigors, 1839, (LC)
- Kvitøyresporv, Melozone leucotis, White-eared Ground-Sparrow, Cabanis, 1861, (LC)
- Kvitmaskesporv, Melozone biarcuata, White-faced Ground-Sparrow, Prévost & Des Murs, 1846, (LC)
- Kvittygelsporv, Melozone cabanisi, Cabanis's Ground-SparrowPL Sclater & Salvin, 1868
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- (2017). New World Sparrows (Passerellidae) I: del Hoyo, J., Elliott, A., Sargatal, J., Christie, D.A. & de Juana, E. (red.). Handbook of the Birds of the World Alive. Lynx Edicions, Barcelona. Hypertekst 'Species table', henta frå http://www.hbw.com/node/1343552 21. oktober 2017
- Referansar
- ↑ Schulenberg T.S.; M.J. Iliff; B.L. Sullivan; C.L. Wood; T. A. Fredericks; D. Roberson (august 2017), eBird/Clements Checklist v2017 (CSV), Cornell Lab of Ornithology, henta 1. oktober 2017
- ↑ Syvertsen, P. O., Ree, V., Hansen, O. B., Syvertsen, Ø., Bergan, M., Kvam, H., Viker, M. & Axelsen, T. 2008. Virksomheten til Norsk navnekomité for fugl (NNKF) 1990-2008. Norske navn på verdens fugler. med oppdateringar i 2017. Norsk Ornitologisk Forening sin nettstad (publisert 21.12.2017)