Miðflokkurin
Miðflokkurin | |||
| |||
Land | Færøyane | ||
---|---|---|---|
Grunnlagt | 30. mai 1992 | ||
Hovudkvarter | Tórshavn | ||
Ideologi | kristendemokrati, sosialkonservatisme | ||
Politisk posisjon | sentrum-høgre |
Miðflokkurin (Mf.) (norsk omsetjing: «Senterpartiet») er eit kristenkonservativt politisk parti på Færøyene. Partiet står for ei tradisjonell og bibeltru tolking av kristen etikk; dei er sterkt profilert på motstand mot sjølvbestemt abort og likekjønna ekteskap og arbeid for ein restriktiv rusmiddelpolitikk.[1][2][3] Namnet «Senterpartiet» er med andre ord berre ei omsetjing av det færøyske partinamnet, politisk ligg partiet til høgre for norske Kristeleg Folkeparti, både politisk og teologisk.
Miðflokkurin spring ut av vekkingskristne miljø og står sterkast på Norðoyar og Eysturoy. Partiet vart stifta i 1991 av utbrytarar frå Kristiligi Fólkaflokkurin, som for ein stor del gjekk inn i partiet.[4][5][6]
Miðflokkurin brukar bokstaven «H» på røystesetlane. Partiet har to medlemmar på Lagtinget og har vore med i både høgre- og venstreorienterte regjeringar. Jenis av Rana er formann i partiorganisasjonen og lagtinggruppa.
Partileiing
[endre | endre wikiteksten]
Partiformenn
|
Gruppeformenn
|
Valhistorikk
[endre | endre wikiteksten]
|
|
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ «Stevnuskrá. Hini 16 punktini» (på færøysk). Miðflokkurin. Arkivert frå originalen 4. mars 2016.
- ↑ «Valskrá Miðfloksins» (på færøysk). Miðflokkurin. Arkivert frå originalen 3. oktober 2015.
- ↑ Bertholdsen, Áki (22. september 2014). «Miðflokkurin setir treytaleyst krav» (på færøysk). Arkivert frå originalen 25. september 2015.
- ↑ «Søgan» (på færøysk). Miðflokkurin. Arkivert frå originalen 14. april 2015.
- ↑ «Mangt bendir á, at KrF skrædnar!». Dimmalætting: 18. 4. mai 1991.
- ↑ «Miðflokkurin nýggjur flokkur». Dimmalætting: 1. 12. desember 1991.
- Denne artikkelen bygger på «Miðflokkurin» frå Wikipedia på bokmål, den 3. september 2019.