Misty Mountain Hop
Misty Mountain Hop Singel av Led Zeppelin frå albumet Led Zeppelin IV | ||
A-side | ||
---|---|---|
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 8. november 1971 | |
Innspelt | Desember 1970–mars 1971 | |
Sjanger | Hardrock | |
Lengd | 4:38 | |
Selskap | Atlantic | |
Komponist | John Paul Jones, Jimmy Page, Robert Plant | |
Tekstforfattar | Jimmy Page, John Paul Jones, Robert Plant | |
Låtskrivar(ar) | Page/Plant/Jones | |
Produsent | Jimmy Page | |
Led Zeppelin-kronologi | ||
«Immigrant Song» / «Hey Hey What Can I Do» (1970) |
Misty Mountain Hop | «Rock and Roll» / «Four Sticks» (1972)
|
«Misty Mountain Hop» er ein song av det engelske rockebandet Led Zeppelin frå det fjerde albumet deira, frå 1971. I USA og Australia var han òg B-sida til singelen «Black Dog». Songen vart spelt inn i Headley Grange, ein herregard med platestudio i Hampshire i England, der bandet stundom budde.[1]
Oversyn
[endre | endre wikiteksten]Musikalsk har songen eit middels tempo som starta med bassist John Paul Jones på elektrisk piano. Han er kjend for dei mange laga med gitar og keyboard og den drivande trommerytmen til John Bonham. Songen har eit minneverdig riff, der Page og Jones spelar samstundes på keyboard og gitar. 2:11 ut i songen, på den andre halvdelen av andre verset så gjer bandet feil og kjem ut av takt med kvarandre. Dei følte derimot at resten av opptaket var så bra at dei oversåg dette.
Den vanlegaste tolkinga av teksten er at dei omhandlar eit møte med politiet etter å ha røykt marihuana i parken og så går til Misty Mountains («where the spirits fly»), som er ein referanse til Hobbiten av J. R. R. Tolkien. Led Zeppelin refererte òg til Tolkien i andre songar, som «Bron-Y-Aur Stomp», «The Battle of Evermore» og «Ramble On».
Konsertversjonar
[endre | endre wikiteksten]«Misty Mountain Hop» vart først framført i København i 1971 og vart spelt jamnt frå seint 1972 og ut 1973, ofte knytt direkte til «Since I've Been Loving You». han vart òg spela i 1979. Dei gjenverande medlemmane spela songen på Atlantic Records 40th Anniversary-konserten i 1988 med Jason Bonham på trommer for faren. Songen vart òg spela under konserten for Ahmet Ertegün i O2 Arena i London den 10. desember 2007.
Robert Plant spela songen på soloturneane sine. Jimmy Page spela songen på turneen sin med The Black Crowes i 1999.
Medverkande
[endre | endre wikiteksten]- Robert Plant - vokal
- Jimmy Page - gitarar
- John Paul Jones - bassgitar, elektrisk piano
- John Bonham - trommer
Andre versjonar
[endre | endre wikiteksten]
|
|
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Misty Mountain Hop» frå Wikipedia på engelsk, den 25. mars 2011.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Lewis, Dave (2004) The Complete Guide to the Music of Led Zeppelin, ISBN 0-7119-3528-9
- Welch, Chris (1998) Led Zeppelin: Dazed and Confused: The Stories Behind Every Song, ISBN 1-56025-818-7
- ↑ Dave Lewis (1994), The Complete Guide to the Music of Led Zeppelin, Omnibus Press, ISBN 0-7119-3528-9.