Moldejazz
Utsjånad
Molde International Jazz Festival, eller Moldejazz, er ein musikkfestival som vert avvikla i Molde kvart år kring midten av juli månad. Festivalen, som vart halden fyrste gongen i 1961, er den nest eldste jazzfestivalen i Europa. Sidan 1999 har festivalen hatt status som knutepunktfestival for jazzmusikk i Noreg. Jazzfestivalen i Molde vart dei fyrste åra arrangert av den lokale jazzklubben i Molde; Storyville Jazz Club. Frå 1968 var det ein eigen organisasjon som stod bak arrangementet, ettersom festivalen hadde vakse frå ein helgefest til ein vekelang festival med konsertar som gjekk føre seg til same tid i ulike lokale.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Moldejazz» frå Wikipedia på bokmål, den 6. juni 2015.