Hopp til innhald

Motorsykkel

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ein Honda VFR750R (RC30)

Ein motorsykkel er eit tohjula køyretøy som får krafta si frå ein motor. Hjula står på line, og ved høg fart held motorsykkelen seg oppreist og stabil ved hjelp av gyroskopiske krefter. Ved lågare fart held motorsyklisten sykkelen stabil gjennom kontinuerleg å justere styret. Motorsyklisten sit med eitt bein på kvar side av setet, hendene på handtaka på styret og føtene på fotkvilarar som stikk ut frå sykkelramma.

Variasjonar

[endre | endre wikiteksten]
  • Fotbrett i staden for fotkvilarar
  • Sidevogner
  • Trehjula variasjonar (på engelsk kalla trike, i motsetnad til tohjula bike)

Historiske norske motorsykkelmerke

[endre | endre wikiteksten]

Motorsykkel i Noreg

[endre | endre wikiteksten]

I Noreg var det pr. 1. januar 2004 i underkant av 100 000 registrerte motorsyklar.[treng kjelde] Det finst kring 450 motorsykkelklubbar i Noreg, og Norsk Motorcykkel Union (NMCU) er den einaste landsdekkjande interesseorganisasjonen for norske gatemotorsyklistar.

Kjende motorsykkelrelaterte filmar: