Hopp til innhald

Naturminne

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Den gamle Mester er eit eiketre i Krødsherad kommune med status som naturminne.

Naturminne er freda område eller einskilde naturobjekt. Dette kan til dømes vera einskilde tre, vassdrag, fossar eller geologiske, botaniske eller zoologiske førekomstar som ein reknar som verneverdige.[1] Dette kan til dømes vera fordi dei har stor tyding for biologisk mangfald.[2]

Per 2006 var det oppretta 280 naturminne i Noreg. Det første botaniske naturminnet i Noreg blei freda i 1914. Det var eiketreet «Den gamle Mester» i Krødsherad i Buskerud.[1] Eit døme på eit geologisk naturminne er Bjerkøya naturminne i Asker kommune. Kvitskriuprestan i Sel kommune er eit døme på eit geologisk naturminne i Noreg.

  1. 1,0 1,1 Brænd, Tore J. (4. oktober 2017). «naturfredning». Store norske leksikon (på norsk). 
  2. «Naturminnen», Naturvårdsverket (på svensk), arkivert frå originalen 2. september 2019, henta 3. september 2019