Nauders
Utsjånad
Nauders er ein kommune i distriktet Landeck i forbundslandet Tirol i Austerrike. Kommunen dekker eit areal på 90,2 km² og har 1560 ibuarar i 2016. Landsbyen Nauders ligger 1394 meter over havet.
Nauders ligg heilt sørvest i Tirol med grense mot Sveits i vest og mot i Italia i sør, det er mindre enn fem kilometer til begge desse statane frå landsbyen. Næringslivet er dominert av turisme, særleg om vinteren, og elles av landbruk.
Landskapet er prega av høgfjell og skogkledde lier med både barskog og lauvskog.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Nauders» frå Wikipedia på engelsk, den 1. september 2016.