Nisaetus
Nisaetus | |
Dvergskogørn, Nisaetus nanus i Sabah, nordaustre Borneo Foto: Bernard Dupont
| |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Fuglar Aves |
Overorden: | Neoaves |
Orden: | Haukefuglar Accipitriformes |
Familie: | Haukefamilien Accipitridae |
Slekt: | Nisaetus Hodgson, 1836 |
Nisaetus er ei biologisk slekt av skogørner i haukefamilien, underfamilien Aquilinae, som hovudsakleg finst i tropisk Asia, frå Nepal og India til Japan og dei små Sundaøyane. Dette er slanke, mellomstore haukefuglar med avrunda venger, lange fjørkledde bein, tverrstripa venger, fjørtopp på hovudet og vanlegvis tilpassa eit liv i skogshabitat.
Floresskogørn, Nisaetus floris, har ein minkande populasjon grunna forfølging og habitatstap, og har færre enn 200 individ som lever på dei små Sundaøyane inkludert øya Flores. Arten er derfor kategorisert som kritisk truga (CR).[1] Tre andre artar er sterkt truga (EN) og ein er sårbar (VU).
Artsliste
[endre | endre wikiteksten]Nisaetus i rekkjefølgje etter IOC World Bird List V14.1, 2024, [2] med norske artsnamn etter Norske navn på verdens fugler.[3]
Slekt Nisaetus, 10 artar skogørner:
- Keralaskogørn, Nisaetus kelaarti, Legge's Hawk-Eagle, (Legge, 1878)
- Dvergskogørn, Nisaetus nanus, Wallace's Hawk-Eagle, (Wallace, 1868), (VU)
- Fjellskogørn, Nisaetus nipalensis, Mountain Hawk-Eagle, Hodgson, 1836, (NT)
- Malayskogørn, Nisaetus alboniger, Blyth's Hawk-Eagle, Blyth, 1845, (LC)
- Javaskogørn, Nisaetus bartelsi, Javan Hawk-Eagle, (Stresemann, 1924), (EN)
- Sulawesiskogørn, Nisaetus lanceolatus, Sulawesi Hawk-Eagle, (Temminck & Schlegel, 1845), (LC)
- Mindanaoskogørn, Nisaetus pinskeri, Pinsker's Hawk-Eagle, (Preleuthner & Gamauf, 1998), (EN)
- Filippinarskogørn, Nisaetus philippensis, Philippine Hawk-Eagle, (Gould, 1863), (EN)
- Vekselskogørn, Nisaetus cirrhatus, Changeable Hawk-Eagle, (Gmelin, JF, 1788), (LC)
- Floresskogørn, Nisaetus floris, Flores Hawk-Eagle, (Hartert, EJO, 1898), (CR)
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Første versjon av denne artikkelen byggjer på «Nisaetus» frå Wikipedia på engelsk, den 24. mai 2024
Referansar
[endre | endre wikiteksten]- ↑ BirdLife International (2018). «Nisaetus floris». IUCN Red List of Threatened Species 2018: e.T22732096A125448523. doi:10.2305/IUCN.UK.2017-3.RLTS.T22732096A125448523.en. Henta 24. mai 2024.
- ↑ Gill, Frank; Donsker, David; Rasmussen, Pamela, red. (January 2024). «Raptors». IOC World Bird List Version 14.1. International Ornithologists' Union. Henta 21. mai 2024.
- ↑ Norsk navnekomité for fugl (NNKF). «Norske navn på verdens fugler». Birdlife Norge. Henta 21. mai 2024.