Hopp til innhald

Nord universitet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Nord universitet

Grunnlagt1. januar 2016
TypeOffentleg universitet
RektorHanne Solheim Hansen
StadBodø
Studentar12 000 (oktober 2019)
Tilsette1 200 (oktober 2019)
Org.nummer970940243
Nettstadhttps://www.nord.no/ (engelsk, norsk)
ErstattarUniversitetet i Nordland, Høgskolen i Nesna, Høgskolen i Nord-Trøndelag
Kart
Nord universitet
67°17′20″N 14°33′37″E / 67.288889°N 14.560278°E / 67.288889; 14.560278

Nord universitet er eit norsk statleg universitet skipa 1. januar 2016 ved at Universitetet i Nordland, Høgskolen i Nesna og Høgskolen i Nord-Trøndelag vart slegne saman. Nord universitet har hovudsete i Bodø og studiestadar i Stokmarknes, Bodø, Mo i Rana, Nesna, Sandnessjøen, Namsos, Steinkjer, Levanger, Verdal og Stjørdal. Talet på tilsette er ikring 1 200, og talet på studentar ikring 12 000.

Norduniversitetet sine fakultet og studiestadar (desember 2017).

Universitetet har desse fakulteta med gradsstudiar (2017–2018):[1]

Fakultet for biovitskap og akvakultur

[endre | endre wikiteksten]
  • studiestad Bodø:
    • doktorstudiar i akvatisk biovitskap
    • masterstudiar i biologi og akvakultur
    • baccalaurusstudiar i dyrevitskap, biologi, dyrepleie, havbruksdrift og leiing, og internasjonal marknadsføring
  • studiestad Steinkjer:

Fakultet for samfunnsvitskap

[endre | endre wikiteksten]
  • studiestad Bodø:
  • studiestad Mo i Rana:
    • baccalaurusstudiar i sosialt arbeid
  • studiestad Steinkjer:
    • masterstudie i samfunnsvitskap
    • baccalaurusstudiar i 3D-kunst, film- og TV-produksjon, geografi, kommunal økonomi og leiing, spel og opplevningsteknologi

Handelshøgskolen Nord

[endre | endre wikiteksten]
  • studiestad Bodø:
    • doktorstudiar i bedriftsøkonomi
    • masterstudiane MBA og siviløkonom
    • baccalaurusstudiar i eigendomsmekling, rekneskap, og økonomi og leiing
  • studiestad Mo i Rana:
    • masterstudiet MBA i teknologileiing
    • baccalaurusstudiar i informasjonssystem, og økonomi og leiing
  • studiestad Stjørdal:
    • masterstudiet MBA
    • baccalaurusstudiar i trafikkpedagogikk, og økonomi og leiing
    • høgskolekandidatstudie for trafikklærarar

Fakultet for lærarutdanning og kunst- og kulturfag

[endre | endre wikiteksten]
  • studiestad Bodø:
  • studiestadane Stokmarknes, Nesna og Namsos:
    • masterstudiar for grunnskolelærarar
  • studiestad Levanger:
    • masterstudiar for grunnskolelærarar, kroppsøving- og idrettvitskap, kunnskapleiing, lektorutdaning i kroppsøving og idrettsfag, musikk, offentleg administrasjon (MPA), psykisk helsearbeid
    • baccalaurusstudier for barnehagelærarar, musikklærarar, musikkpedagog og formidlar i kulturskolen, i idrettsvitskap
  • studiestad Verdal:

Fakultet for sjukepleie og helsefag

[endre | endre wikiteksten]
  • studiestadane Bodø, Mo i Rana, Sandnessjøen og Levanger:

I tillegg kjem årsstudiar og ei rekkje kortarere kurs.

Rektor har ansvaret for både den faglege verksemda, og for det administrative og økonomiske.

  • 2016–2019: Bjørn Olsen[2]
  • 2019– : Hanne Elenora Solheim Hansen
  1. «Nord universitet: studiesteder». Henta 17. desember 2017. 
  2. «Nord-rektor Olsen går på dagen», khrono.no (på norsk), henta 19. januar 2019 

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]