Norsk senter for forskningsdata
Norsk senter for forskningsdata | |||
Org.form | Aksjeselskap | ||
---|---|---|---|
Org.nr. | 985321884 | ||
Skipa | 1971 | ||
Etterfylgjar(ar) | Sikt | ||
Eigar | Kunnskapsdepartementet | ||
Hovudkontor | Bergen | ||
Land | Noreg | ||
Styreleiar | Petter Aasen | ||
Nettstad | https://nsd.no/ |
NSD – Norsk senter for forskingsdata var eit nasjonalt dataarkiv. NSD hadde som føremål å sikra fri og ope tilgang til forskigsdata, og å betra høva for empirisk forsking.[1] Den 1. januar 2022 vart NSD lagt ned og oppgåvene overført til Sikt – Kunnskapssektorens tenesteleverandør.[2]
Historie
[endre | endre wikiteksten]Organisasjonen vart oppretta i 1971 som eit organ underlagt Noregs forskingsråd. Fram til 1. mars 2016 var namnet Norsk samfunnsvitskapleg datateneste (derav forkortinga NSD).[3] Etter vedtak i Stortinget vart NSD frå 1. januar 2003 organisert som eit aksjeselskap eigd av Kyrkje- og undervisningsdepartementet, no Kunnskapsdepartementet.[4][5] NSD har hovudkontor i Bergen, med representantar i Oslo, Trondheim og Tromsø. NSD hadde eit nyhendebrev, NSDnytt, som dei gav ut fire gongar i året.[6]
Føremål og samarbeidspartnarar
[endre | endre wikiteksten]NSD vart oppretta med føremål om å vere eit arkiv for forskingsdata (i første rekkje kvantitative data), og dessutan for å leggje til rette for at desse dataa skal vere lettare tilgjengeleg for forskarar og studentar. NSD var òg tenesteleverandør på ei rekkje område, hovudsakleg for offentleg sektor. Mellom anna hadde NSD vore sentral i gjennomføringa av skulevala. Viktige samarbeidspartnarar nasjonalt inkluderte Statistisk sentralbyrå (SSB), Noregs forskingsråd, Datatilsynet, Kunnskapsdepartementet, og dessutan heile universitet- og høgskulesektoren. Internasjonalt samarbeidde NSD med dataarkiv over heile Europa på felles europeiske prosjekt, mellom anna European Social Survey.[7]
Leiing
[endre | endre wikiteksten]Med unntak av eit kort opphald var Bjørn Henrichsen direktør/administrerande direktør for NSD sidan starten i 1971. Siste styreleiar for NSD var Petter Aasen.[8]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ NSDs strategi 2016-2019 (PDF), arkivert frå originalen (PDF) 13. april 2016, henta 11. oktober 2016
- ↑ Ny organisering av direktorater og tjenesteleveranser i kunnskapssektoren. UNIT. Henta 28. august 2023.
- ↑ nsd.uib.no
- ↑ Skildring om eigartilhøve frå Staten sin eierberetning 2006, arkivert frå originalen 29. november 2007, henta 11. oktober 2016
- ↑ Nøkkeltal og eierskap frå Selskapsdatabasen, arkivert frå originalen 13. april 2016, henta 11. oktober 2016
- ↑ NSDnytt
- ↑ http://www.europeansocialsurvey.org/
- ↑ «Organisering» (på norsk bokmål). NSD - Norsk senter for forskningsdata. Henta 28. august 2023.
- Denne artikkelen bygger på «Norsk senter for forskningsdata» frå Wikipedia på bokmål, den 11. oktober 2016.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Offisiell nettstad Arkivert 2012-10-11 ved Wayback Machine.
- NSD Årsmelding Arkivert 2016-03-06 ved Wayback Machine.
- NSDnytt Arkivert 2016-11-14 ved Wayback Machine. – nyhendebrev frå NSD som kjem ut fire gonger i året
- Sentrale produkt og tenester
- NSDdata: tilgjengelege datasett frå dataarkivet.
- Personvernsombod for forsking: handsamar saker som gjeld personvern innan forskingsprosjekt hos knytte til seg institusjonar.
- NSDStat: programvare for enkel analyse av kvantitative data.
- Nesstar Arkivert 2016-09-30 ved Wayback Machine.: programvare for dokumentasjon av og direkte webbasert analyse av data via verdensveven.
- Database for forsking og høgre utdanning Arkivert 2010-12-05 ved Wayback Machine. (DBH): samlar inn ei rekkje indikatorar frå alle høgare utdanningsinstitusjonar i Noreg som får stønad frå staten.
- Samfunnsveven Arkivert 2016-12-02 ved Wayback Machine.: læringsressurs for bruk i vidaregåande skule. Inkluderer òg administrasjons- og informasjonssystemet knytt til skulevala, og dessutan resultat frå skulevala.