Odd Lirhus
Odd Lirhus | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 18. september 1956 (68 år) Voss herad |
Idrett | skiskyting |
Tok del i | Vinter-OL 1980, biathlon at the 1984 Winter Olympics – relay |
Odd Lirhus (fødd 18. september 1956) er ein norsk tidlegare skiskyttar og -trenar frå Voss. Han vart verdsmeister på 20 km i 1978, og fekk året etter VM-sølv på sprintdistansen over 10 km. Lirhus var medlem av Voss Skiskyttarlag.
Aktiv
[endre | endre wikiteksten]Under VM i skiskyting 1978 i Hochfilzen gjekk han til topps på normaldistansen 20 km, framom austtyskarane Frank Ullrich og Eberhard Rösch. Året etter tok han under verdsmeisterskapen i Ruhpolding ein sølvmedalje på sprintdistansen 10 km, bak førnemnde Ullrich.
Både i 1978 og 1982 fekk Lirhus VM-sølv med norsk stafettlag, medan han i 1983 fekk ein VM-bronse i same øvinga, før han avslutta med ei sølvmedalje på stafetten under Vinter-OL 1984 i Sarajevo.
Lirhus var frå 2002 til 2006 hovudtrenar for Noregs kvinne-landslag i skiskyting. Han bidrog då mykje til Liv Grete Skjelbreid Poirée si utvikling som skiskyttar, i følgje hennar eiga utsegn.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Sportsboken, aktuelle årgangar
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- «Odd Lirhus» (på engelsk). Olympedia.
- Einskildmenn
- Fødde i 1956
- Norske skiskyttarar
- Norske idrettsleiarar
- Norske trenarar
- Kongepokalvinnarar i skiidrett
- Verdsmeistrar i skiskyting
- Noregsmeistrar i skiskyting
- Olympiske sølvmedaljevinnarar for Noreg
- Norske deltakarar under vinter-OL 1980
- Skiskyttarar under vinter-OL 1980
- Medaljevinnarar under vinter-OL 1984
- Norske deltakarar under vinter-OL 1984
- Skiskyttarar under vinter-OL 1984
- Folk frå Voss