Hopp til innhald

Oddvard Nilsen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Oddvard Nilsen

Fødd24. juni 1940 (84 år)
Bergen
Statsborgar avNoreg
PartiHøgre
Yrkepolitikar, lærar
BarnTom-Christer Nilsen, Trond Erik Nilsen
Alle verv

Oddvard Nilsen (fødd 24. juni 1940) er ein tidlegare norsk politikar for Høgre. Han var ordførar i Askøy kommune 1990–1993, innvald på Stortinget frå Hordaland 1993–2005 og parlamentarisk leiar for Høgre 2001–2005.

Nilsen er son av murarsvenn Odd Nilsen (1917–1964) og industriarbeidar Ellinor Jensen (1917–2003). Farsslekta verka innan murarfaget i fleire generasjonar.[1] Oddvard Nilsen er gift med Torill Nilsen (1948–), som var medlem av Askøy kommunestyre 1995–2003.[2] Paret har tre søner saman, mellom dei fylkesordføraren Tom-Christer Nilsen (f. 1969) og friidrettsutøvaren Trond Erik Nilsen (f. 1972).

Etter militær grunnutdanning tok Nilsen lærarskulen som privatist. Han har òg vore trenar og styremedlem i Norges Friidrettsforbund. Nilsen har bakgrunnen sin frå skuleverket, og har vore rektor ved Kleppestø og Ravnanger ungdomsskular på Askøy. Han var leiar i Hordaland Høgre 1990–1994 og medlem av Høgres arbeidsutval 1996–2005. I stortingsperiodane 1993–2001 sat han i Stortingets transport- og kommunikasjonskomité, siste perioden som leiaren av komiteen. I perioden 2001–2005 var han medlem av Stortingets utanrikskomité. Då Jan Petersen vart utanriksministar, vart Nilsen vald til parlamentarisk leiar.

Etter tida på Stortinget var Nilsen styreleiar i Helse Vest RHF 2005–2014.[3]

Oddvard Nilsen vart den 11. mars 2006 utnemnd til æresmedlem av Hordaland Høgre.

  1. Granheim, Eva (17. august 1993). «Skyggeportrettet. Liker å prestere». Bergens Tidende: 21. 
  2. «Torill Nilsen». Høyre. Henta 28. mars 2014. 
  3. Pedersen, Kari (19. desember 2013). «Vareberg blir styreleder i Helse Vest». Stavanger Aftenblad. Henta 28. mars 2014. 

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]