Olav Heggstad
Olav Heggstad | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 5. mars 1877 Namsos |
Død | |
Yrke | sivilingeniør |
Far | Marius Hægstad |
Olav Heggstad på Commons |
Olav Heggstad (5. mars 1877–2. mai 1954) var ein norsk bygningsingeniør og professor.
Heggstad var fødd i Namsos som son av professor Christopher Marius Heggstad og Pernille, fødd Midgard. Han utdanna seg ved ingeniørlinja ved Trondhjems Tekniske Læreanstalt og tok eksamen i 1896. 1899–1900 studerte han ved den tekniske høgskulen i Dresden i Tyskland. Frå 1897 til 1902 var han ingeniør i Kanalvesenet. Olav Heggstad var deretter ingeniør ved Sam Eyde sitt ingeniørkontor i Kristiania. Han arbeidde som konsulent ved ymse kraftutbyggingstiltak, mellom anna frå 1903 leiar for reguleringa av Møsvatn i samband med utbygginga på Rjukan.
Han blei utnemnd til professor i vassbygging ved Norges Tekniske Høgskole (NTH) i Trondheim frå 1912. Professor Olav Heggstad var rektor ved NTH i tidsrommet frå 1929 til 1932.
Litteratur
[endre | endre wikiteksten]- Heggstad, Olav: Vassbygging, Trondheim 1926 – 1945.