On Broadway
On Broadway Singel av The Drifters frå albumet Under the Boardwalk | ||
B-side |
«Let the Music Play» | |
---|---|---|
Utgjeve | 1963 | |
Sjanger | Soul | |
Lengd | 3:05 | |
Selskap | Atlantic | |
Tekstforfattar | Barry Mann | |
Låtskrivar(ar) | Barry Mann, Cynthia Weil, Jerry Leiber og Mike Stoller | |
The Drifters-kronologi | ||
«Up on the Roof» (1962) |
On Broadway | «Rat Race» (1963)
|
On Broadway av George Benson frå albumet Weekend in L.A. | ||
Utgjeve | 1978 | |
Sjanger | Smooth jazz, disco | |
Selskap | Warner Bros. | |
Tekstforfattar | Barry Mann | |
Produsent | Tommy LiPuma |
«On Broadway» er ein song skriven av Barry Mann og Cynthia Weil i samarbeid med Jerry Leiber og Mike Stoller.
Komposisjon
[endre | endre wikiteksten]Weil og Mann var baserte ved Aldon Music, på 1650 Broadway i New York City, og songen, slik han vart skriven av Mann/Weil vart opphavleg spelt inn av the Cookies (sjølv om the Crystals gav ut sin versjon før dei) og hadde ein livleg tekst der songaren er på veg til Broadway og syng «I got to get there soon, or I'll just die.»
Då Leiber/Stoller gjorde det kjend at the Drifters hadde leigd studio for dagen etter og mangla ein song, kom Mann/Weil med «On Broadway». Leiber og Stoller likte songen, men følte han ikkje var heilt rett og dei fire sette seg ned og kom opp med ein betre versjon av songen. Ein ung Phil Spector spelte den særeigne gitarsoloen på innspelinga til The Drifters.[1] Andre som var medverkande på the Drifters innspelinga var Joe Newman, Ernie Royal - trompetar; Billy Butler, Bill Suyker, Everette Barksdale - gitarar; Russ Savakus - bass; Gary Chester - trommer og Phil Kraus, Nick Rodriguez, Martin Grupp - perkusjon. Det instrumentale arrangementet vart skriven av Gary Sherman.
Versjonar
[endre | endre wikiteksten]Songen vart ein hitt for the Drifters i 1963, som nådde niandeplassen på Billboard Hot 100. Han har sidan blitt spelt inn av mange andre artistar, som the Coasters, the Dave Clark Five, the Chipettes, Bobby Darin, Percy Faith, Tom Jones, Johnny Mathis, Frank Sinatra, Nancy Sinatra og Neil Young.
George Benson sin versjon av «On Broadway» frå albumet Weekend in L.A. i 1978, nådde sjuandeplassen på Billboard Hot 100 og andreplassen på soullsita.[2] George Benson-versjonen vart mykje spelt på radiokanalar innan adult contemporary og smooth jazz. Han vann Grammy-prisen for beste R&B-song. Songen vart nytta i filmane Big Business og American Beauty.
Den britiske progrockgruppa Genesis refererte til songen i teksten og melodien på songen «The Lamb Lies Down on Broadway» frå albumet The Lamb Lies Down on Broadway i 1974.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «On Broadway» frå Wikipedia på engelsk, den 27. januar 2015.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Mick Brown. Tearing Down the Wall of Sound, p.96
- ↑ Whitburn, Joel (2004). Top R&B/Hip-Hop Singlar: 1942-2004. Record Research. s. 53.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Songar frå 1963
- Singlar frå 1963
- Songar skrivne av Barry Mann
- Songar skrivne av Jerry Leiber og Mike Stoller
- The Drifters-songar
- The Coasters-songar
- The Dave Clark Five-songar
- Eric Carmen-songar
- Bobby Darin-songar
- Percy Faith-songar
- Tom Jones-songar
- Johnny Mathis-songar
- James Taylor-songar
- Gary Numan-songar
- Frank Sinatra-songar
- Nancy Sinatra-songar
- Sly and the Family Stone-songar
- Neil Young-songar
- Atlantic Records-singlar
- Songar om New York
- Songar med tekst av Cynthia Weil