Orphir
Utsjånad
Orphir (norrønt Jorfjara/Orfjara[1][2][3]) er eit sokn og ein tettstad på Mainland i Orknøyane. Det ligg rundt 14 km sørvest for Kirkwall. Orphir omfattar eit kystområde på rundt 11 * 5½ km der ein mellom anna finn øyane Cava og Holm of Houton. Eit høgdedrag ved kysten er Houton Head på 91 moh., men elles er kystområdet helst flatt. Lengre inn stig landet i dalar og åsar til rundt 210 moh.
Hall of Clestrain er ein tidlegare hovudbygning i området. Det finst også ruinar av Earl Paul's Palace (Jarl Pål-slottet), kapell frå før reformasjonen, Round Kirk og fleire gravhaugar.
Kjende folk frå Orphir
[endre | endre wikiteksten]- John Rae (1813–1893), utforskar av kanadisk Arktis, fødd i Hall of Clestrain
- Henry Halcro Johnston, botanikar and rugby union-spelar
- Margaret Manson Graham (1860-1933), misjonærsjukepleiar i Nigeria, var fødd i Orphir[4]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Anderson, Joseph (Ed.) (1893) Orkneyinga Saga. Translated by Jón A. Hjaltalin & Gilbert Goudie. Edinburgh. James Thin and Mercat Press (1990 reprint). ISBN 0-901824-25-9
- ↑ Pedersen, Roy (January 1992) Orkneyjar ok Katanes (map, Inverness, Nevis Print)
- ↑ Haswell-Smith, Hamish (2004). The Scottish Islands. Edinburgh: Canongate. ISBN 978-1-84195-454-7.
- ↑ «Margaret Manson Graham» i Elizabeth L. Ewan, Sue Innes, Sian Reynolds, og Rose Pipes, red., The Biographical Dictionary of Scottish Women (Edinburgh University Press 2006): 142-143. ISBN 9780748626601
- Denne artikkelen bygger på «Orphir» frå Wikipedia på engelsk, den 17. februar 2017.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Wilson, Rev. John The Gazetteer of Scotland (Edinburgh, 1882) Published by W. & A.K. Johnstone
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene: