Oslofrukosten
Utsjånad
Oslofrukosten var ein frukost som vart tilbydd alle elevar i Oslo-skulen frå 1935. Frukosten var sett saman ut frå vitskapelege kriterium for næringsrik mat med mykje vitamin og mineral. Menyen inneheldt:
- 1/3–1/2 liter mjølk
- To kneippskonrokar[1] eller to knekkebrød med margarin og mysost
- Kneippbrød med margarin og mysost
- Eit halvt eple eller ei halv appelsin – eller 100 gram gulrot eller kålrot
- Ei teskei tran i månader med bokstaven r (frå 1942)
Frukosten vert ikkje servert på skulane lenger.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Skolemåltidets historie frukt.no Arkivert 2016-09-14 ved Wayback Machine.. Besøkt 1. september 2016.