Osmund Andersson Lømsland
Utsjånad
Osmund Andersson Lømsland | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 2. juli 1765 Oddernes |
Død |
25. august 1841 (76 år) |
Yrke | bonde, politikar |
Språk | norsk |
Osmund Andersson Lømsland (2. juli 1765–26. august 1841) var ein norsk gardbrukar og eidsvollsmann.
Lømsland vart fødd på garden Mosby, som far hans dreiv, i Oddernes. Frå midt i 1790-åra brukte han garden Vennesland i Oddernes, samt elvefut under fløytinga i Otra. I 1806 kjøpte han garden Lømsland i Tveit, og busette seg der.[1]
Lømsland vart vald som 1. representant til riksforsamlinga på Eidsvoll i 1814 frå Mandals amt, og røysta der med unionspartiet.[2]
Lømsland døydde på garden sin i Tveit i 1841. På grava hans på kyrkjegarden i Tveit vart reist ein bautastein 17.mai 1914.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Kringeland, Willy (18. juli 2000). «EIDSVOLL 1814». Henta 13. februar 2009.
- ↑ «Osmund Andersen Lømsland». Eidsvoll 1814. Henta 13. februar 2009.
- Biografisk informasjon om Osmund Andersson Lømsland NSD Norsk senter for forskningsdatas politikararkiv