Pære
Utsjånad
Pæretre | |
Pæretre | |
Status | |
Status i verda: Livskraftig | |
Systematikk | |
Rike: | Planteriket Plantae |
Underrekkje: | Frøplantar Spermatophytes |
Orden: | Roseordenen Rosales |
Familie: | Rosefamilien Rosaceae |
Underfamilie: | Amygdaloideae |
Stamme: | Maleae |
Slekt: | Pære Pyrus |
Art: | Pæretre P. communis |
Vitskapleg namn | |
Pyrus communis |
Pære er frukta av pæretreet og er ei av dei eldste fruktene me kjenner til. Pærer vart dyrka allereie 3000 år f. Kr. Ho blei først tatt i kultur i Austen og seinare kom ho til Hellas. Frå Romerriket spreidde kunnskapane om pæreproduksjon seg med munkane til Mellom- og Nord-Europa. Til Noreg kom ho i mellomalderen. Heile tida har ho vore høgt skatta som ei delikatesse.
Pære i Noreg
[endre | endre wikiteksten]Sommarpærer
- Broka julipære (Colorée de Juliet)
- Keisarinne (Epargne)
Haustpærer
- Gråpære
- Clara Frijs
- Esperens herrepære
- Grev Moltke
- Dobbelt Phillip
- Bonne Louise
- Herzogin Elsa
- Amanlis
- Hertzogen Elsa
- Ingeborg
Sesongen i Noreg er frå august til oktober. I høve til t.d. eple treng pæra eit tørrare og varmare klima og produksjonen er derfor liten.
Varing
[endre | endre wikiteksten]Modne pærer har kort varing og må handterast varsamt og ikkje klemmast på. Ved lagring bør pærer ha 1-2 grader C og ei luftfukt på 95 %. Pærer er vare for etylen og må difor ikkje lagrast saman med epler.
Kjelde
[endre | endre wikiteksten]- «Pære». Opplysningskontoret for frukt og grønnsaker.