Panserbataljonen
Panserbataljonen | |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Aktiv | 1987–no | ||
Grein | Hæren | ||
Type | Bataljon | ||
Rolle |
| ||
Storleik | 600 soldatar | ||
Del av | Brigade Nord | ||
Garnison/HK | Setermoen garnison[1] | ||
Motto | «Bitit Fyrst» (norrønt: Slå først) | ||
Kallenamn | Minkebataljonen og Bn 1 | ||
Beretflash |
Panserbataljonen (PBN) er ein av tre manøverbataljonar i Brigade Nord. Bataljonen er organisert og oppbygd på same måte som Telemark bataljon, med stridsvogner og stormpanservogner. Sjølv om bataljonen er kategorisert som ei kavaleriavdeling, består bataljonen hovudsakleg av mekanisert infanteri. Bataljonen er oppfatta som kavaleri for seremonielle formål, og soldatane vert difor omtalt som «dragonar» i staden for «meinige».[2]
Panserbataljonen held til på Setermoen garnison i Bardu kommune i Troms.[1] Panserbataljonen vert ofte kalla «Hærens knyttneve» og fungerer enno som den første bataljonen i Brigaden.[3]
Historikk
[endre | endre wikiteksten]29. januar 1987 hadde Panserbataljonen si første oppstilling på Fossmofeltet i Målselv kommune.[4] Gjennom mange år hadde Hæren jobba med å sameina kavaleri med infanteri på bataljonsnivå.
Før Brigaden i Nord-Norge skipa til ein panserbataljon i 1987, bestod brigaden av to infanteribataljonar. Desse bataljonane bestod av tre geværkompani, med infanteristar, og støttekompani. Stortinget oppretta ein forsvarskommisjon som allereie i 1974 uttrykte eit mål om å etablera ein såkalla panserforsterka brigade, gjennom å gjera om ein av infanteribataljonane til ein panserbataljon. Han skulle bestå av stridsvognseskadronar og mekaniserte infanterikompani – altså stormeskadronar. I 1975 utløyste signala frå Kommisjonen ei omfattande oppfølgingsverksemd frå kavaleriet i Hæren. Stridsvogneskadronar og infanterikompani hadde ein lang erfaring med frå før av – men berre som sjølvstendige avdelingar, underlagt eigne kommandoledd. Utfordringa var òg å etablera «Stormeskadronen», eit mekanisert infanterikompani. Panservogna M113 har vore i bruk i Hæren sidan 1964. 52 nye vogner vart kjøpt inn og ombygd til stormpanservogner NM 135. Stormpanservogna var utstyrt med ein 20 mm maskinkanon, 7,62 mm mitraljøse (MG 3) og eit rom der det var plass til eit infanterilag. I 1982 stod vognene klare. Utover 80-talet vart stormtroppane fordelt ut på stridsvognseskadronane i Hæren. Nye ombygde M113-vogner, med namn NM 142 panserjager, vart òg brukt til panservern. Desse vognene med 90 mm kanon skulle ta ut fiendtleg panserkøyretøy.[5]
Ein kan seia at Panserbataljonen er ei vidareføring av Infanteribataljon nr. 1, som på den tida bestod av infanteri- og støttekompani.[6] Minken, som er avdelingsmerket til Panserbataljonen, har dei arva frå 1. infanteribataljon. I 1987 vart infanteribataljonen slått saman med Stridsvognseskadron (strvesk/Brig N/TLF) som heldt til i Bardufoss. Infanteribataljonen fekk altså tilført eit kompani med Leopard stridsvogner, og hadde si første oppstilling som ein panserbataljon Bataljonen skulle opphavleg romma to stormeskadronar, men av økonomiske årsaker opererte Panserbataljonen berre med Stormeskadronen. Den andre eskadronen, Stormeskadron 4, vart først oppretta i august 1994.[6] I byrjinga var det mykje forsøk på korleis infanteri skulle operera saman med stridsvogner. Ulike panservogner vart prøvd ut og brukt, blant anna NM 135, før Stormeskadronen tok i bruk stormpanservogna CV 9030N i 1999.[6][7] I 2005 vart bataljonen slått i hop med Kavaleribataljonen, som bidrog blant anna med ein kavalerieskadron.
Minkebataljonen
[endre | endre wikiteksten]Panserbataljonen er ein kompleks avdeling, og dei opererer sjeldan åleine. Under utanlandsoppdrag er ofte Panserbataljonen assistert med ekstra støtte frå Ingeniørbataljonen, Sanitetsbataljonen, Stridstrenbataljonen og Artilleribataljonen, i eit såkalla samvirkesystem. Dette er på grunn stort behov for brulegging, førstehjelp, eldstøtte og forsyning.[8] Andre element kan òg støtta avhengig av oppdrag; ofte er operasjonar avhengig av militærpoliti. Heile samvirkesystemet i sin heilskap går ofte under namnet Minkebataljonen.
Operasjonar
[endre | endre wikiteksten]- Til konflikten i Kosovo stilte Stormeskadron 3 med bidrag til KFOR i august 2000 til juni 2001. Offiser Frode Ommundsen stod for leiinga av operasjonen.
- Frå juli 2002 til juli 2003 bidrog Stormeskadron 3 til KFOR VI.[9]
- Stormeskadron 3 drog til Afghanistan i 2005, der dei fekk ansvar over provinsen Kabul.[10] Etter utført rekrutt fekk dragonane utdelt den svarte bereten, som er tradisjonelt bereten til kavaleriet.
- Fram mot 2020 skulle Panserbataljonen inngå i den hurtige reaksjonstyrken til Hæren i nord, HRS-Nord, som ville auka Brigade Nords reaksjonsevne i Nord-Noreg.[1][11]
- Panserbataljonen bidrog til opplæring av lokale styrkar i Irak frå 2017,[12] og var del av Operation Inherent Resolve i Irak (OIR) i perioden 2019–2020.[13]
Organisasjon
[endre | endre wikiteksten]Panserbataljonen består av fem eskadronar og ein bataljonstab.
Bataljonstab
[endre | endre wikiteksten]Bataljonstaben er leiinga i Panserbataljonen. På oppdrag er staben i kommandoplassen og kan gjennom samband føra striden. Oberstløyntnant Bjørnar Bragstad er bataljonsjef.[14] Sjefssersjant er Mats Randers.[15]
Kavalerieskadron 5
[endre | endre wikiteksten]Eskadronen går under forkortingane ESK5 og Kavesk, og er eit oppklaringskompani. ESK5 består av to troppar: Ein pansra oppklaringstropp og ein patruljetropp. Patruljetroppen har som oppgåve å vera augo til bataljonen. Dei er utstyrt med 6-hjulingar og snøskuterar. I felt opererer dei i mindre lag, ofte færre enn fem. Laga byggjer observasjonspostar (OP) og har optikk på fienden. Dei har òg kapasitet til å gå patrulje, for å kartleggja fiendtlege posisjonar. Pansra oppklaringstropp er utstyrt med stormpanservogner med mekanisert infanteri, og er ofte dei første som kjem i stridskontakt. I tillegg har eskadronen ein stab med eige relé og som har kapasitet til å bruka overvakingsdronar. Rolla til ESK5 er å henta informasjon om fienden.[4] Eskadronsfargen er blå.
Stridsvognseskadron 2
[endre | endre wikiteksten]Den andre eskadronen, ESK2, er primæreskadronen. Eskadronen består av tre troppar[treng kjelde] og er oppsett på stridsvogn Leopard 2, som er hovudkampsystemet til Hæren.[16] ESK2 består òg av ein stab som er oppsett på panservogn M113. ESK2 er fundamentet i avdelinga med sine stridsvogner, og er kritisk for Panserbataljonen i strid. Eskadronen har flest verva, profesjonelt personell i forhold til dei andre eskadronane. Mottet til ESK2 lydar «Vi er allerede der». Avdelingsmerket deira er ein svart riddarhjelm på raud bakgrunn.
Stormeskadron 3
[endre | endre wikiteksten]Eskadronen, ESK3, er den eldste avdelinga i Panserbataljonen, oppretta 1986, og var difor eit kompani i 1. infanteribataljon ein kort periode. På grunn av dette har ESK3 berre gått under namnet Stormeskadronen. Rolla til eskadronen er å støtta ESK2 med stormpanservogner CV 9030N med mekaniserte infanterilag.[4] Stormsoldaten held seg inne i stormpanservogna når troppen flyttar seg, og hoppar av til fots på ordre. Stormsoldatane er utstyrte med semiautomatiske rifler HK416N, lett maskingevær FN Minimi og FN MAG. Soldaten har høve til å montera granatkastar under forskjeftet på rifla.[17] Mottoet til ESK3 er «Semper Paratus» (latin: «Alltid klar»). Emblemet deira er ein ulv på gul bakgrunn. Stormsoldatane kallar seg for «ulvar» og «ulveflokkar».
Stormeskadron 4
[endre | endre wikiteksten]ESK4 har same rolla som Stormeskadron 3, men er noko yngre enn ESK3. Eskadronen består av to troppar med mekanisert infanteri oppsatt til fots eller på stormpanservogner CV 9030N. Stormsoldatane i begge stormeskadronane kan òg utføra sjølvstendige oppdrag utan støtte frå stormpanservognene. Rydda løpegravsystem eller strid i urbant terreng er eksempel på dette. Det er krevjande både fysisk og psykisk å vera stormsoldat: Ein må kunna sanitet, nærkamp og ha kjennskap til mange ulike våpen.[17] Stormpanservognene har kapasitet til å føra vognstrid. Avdelingsmerket er grønt med svart jerv. Mottoet til ESK4 er «Gul ad arma, plus ultra» (latin for «Jerv til åtak, hald fram»), som refererer til eskadronen sin evne til å pressa fram i strid.
Kampstøtteeskadron 6
[endre | endre wikiteksten]Den femte eskadronen, ESK6, er den største og mest komplekse eskadronen. ESK6 er eit støtte-kompani som består av fire troppar med kapasitet innafor bombekast, samband, reperasjon, logistikk, forsyning og berging. Soldatane er oppsatt på tyngre køyretøy som beltevogn BV206, panservogn M113 og Scania P93, men òg lettare køyretøy som snøskuter og sekshjuling.[4] Sambandstroppentroppen stiller kommandoplassen og basen til bataljonstaben under oppdrag. Troppen har også relélag, som stiller samband for heile Panserbataljonen. Relélaga nyttar både beltevogner og lettere terrengkøyretøy (LTK), men må vera førebudde på å gå til fots. I visse samanhengar tek dei i bruk helikopter. Bombekastartroppen (BK) assisterer med eldstøtte på oppdrag, av typen 81 mm bombekastargranatar. Stridstrentroppen si rolle er å forsyna eskadronane med ammunisjon, mat og anna utstyr. I tillegg reparerer dei kjøretøy og materiell for alle eskadronar, og driv med berging av vogner som har køyrt seg fast. Avdelingsmerket er ein isbjørn på svart bakgrunn. Mottoet er «Volens og potens» (latin for «Evne og vilje»).
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]Fotnotar
[endre | endre wikiteksten]- ↑ 1,0 1,1 1,2 «Panserbataljonen». Forsvaret. Henta 12. januar 2015.
- ↑ Olsen, Stephen (2013), «Pansersystemet» (PDF), Forsvarets Forum (nr. 9 2011), s. 76, arkivert frå originalen (PDF) 4. mars 2016, henta 21. oktober 2015
- ↑ «Panserbataljonen introduksjon». YouTube. Henta 29. november 2014.
- ↑ 4,0 4,1 4,2 4,3 «Panserbataljonen». Forsvaret. Henta 12. januar 2015.
- ↑ Jensen, Åke F. 1994, s. 727–730.
- ↑ 6,0 6,1 6,2 Sjøstrøm, Geir (2014), «Opprinnelsen», Stormeskadron 3, arkivert frå originalen 6. desember 2014, henta 4. desember 2014
- ↑ Jensen, Åke F. (1995), «Virksomhet – utvikling – sammendrag», Kavaleriet i Norge 1200–1994 (1. utgåve), s. s. 727
- ↑ Olsen, Stephen (2013), «Pansersystemet» (PDF), Forsvarets Forum (nr. 9 2011), s. 76, arkivert frå originalen (PDF) 4. mars 2016, henta 21. oktober 2015
- ↑ Sjøstrøm, Geir (2014), «KFOR», Stormeskadron 3, arkivert frå originalen 6. desember 2014, henta 4. desember 2014
- ↑ Sjøstrøm, Geir (2014), «Afghanistan 2005», Stormeskadron 3, arkivert frå originalen 6. desember 2014, henta 4. desember 2014
- ↑ Clausen, Einar Holst (3. mai 2013), «Panserbataljonen dro sørover for å øve» (PDF), Offisersbladet, henta 29. november 2014
- ↑ «Irak/Kuwait/Qatar», Forsvaret, henta 24. mai 2023
- ↑ Leraand, Dag (7. mars 2023). «Panserbataljonen». Store norske leksikon (på norsk).
- ↑ «Bjørnar Bragstad», forsvaretsforum.no (på norsk), 28. juni 2019, henta 4. september 2020
- ↑ Moe, Arild (6. januar 2020), «Sjefsersjant i Panserbataljonen: – Vi kan takle alle situasjoner som måtte oppstå i Irak», NRK (på norsk bokmål), henta 4. september 2020
- ↑ Olsen, Stephen, «Pansersystemet» (PDF), Forsvarets Forum (nr. 9 2011), s. 76, arkivert frå originalen (PDF) 4. mars 2016, henta 21. oktober 2015
- ↑ 17,0 17,1 «Stormsoldat». Forsvaret. Henta 29. november 2014.
Litteratur
[endre | endre wikiteksten]- Jensen, Åke F. (1995): Kavaleriet i Norge 1200–1994: Utvikling og innsats gjennom 800 år. 1. utgåve. Oslo: Elanders Forlag ISBN 82-90545-43-6