Hopp til innhald

Parapet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Krenellert parapet på ein bastion i ein festning på Kypros

Parapet er i arkitekturen ein barriere som er eit framhald av veggen på kanten av eit tak, ein terasse eller liknande. Ordet kjem via fransk parapet frå italiensk parapetto, etter parare «verne» og petto «bryst». Den tyske tydinga brüstung har same tyding.

Parapetar var opphavleg brukt for å verne bygningar frå militære åtak, men er i dag hovudsakleg nytta som gjerde og for å hindre spreiing av brann.