Partille kommun
Partille kommun | |||
kommune | |||
|
|||
Land | Sverige | ||
---|---|---|---|
Len | Västra Götalands län | ||
Landskap | Västergötland | ||
Del av | Västergötland, Q61482659, Q61480587, Q61480583 | ||
Areal | 58,98 km² | ||
• land | 56,83 km² | ||
• vatn | 2,15 km² | ||
Folketal | 35 488[1] (2011) | ||
Partille kommun 57°44′00″N 12°06′00″E / 57.733333333333°N 12.1°E | |||
Kart som viser Partille kommun.
| |||
Wikimedia Commons: Partille Municipality |
Partille kommune ligg i det svenske lenet (fylket) Västra Götaland, i landskapet Västergötland. Administrasjonssenteret i kommunen ligg i Partille.
Kommunen grensar i vest og nord til Göteborgs kommun, i aust til Lerums kommun og i sør til Härryda kommun, og er hovudsakleg å rekne som ein forstadskommune til Gøteborg. Meir enn tre firepartar av dei yrkesaktive er dagpendlarar ut av kommunen, og flesteparten av dei har arbeidsplassen sin i Gøteborg.
Samferdsle
[endre | endre wikiteksten]Gjennom kommunen går i aust-vestleg lei både motorvegen Europaveg 20 på strekninga mellom Gøteborg og Stockholm og jarnbanelina Västra stambanan, som er den sterkt trafikkerte hovudjarnbanelina mellom Gøteborg og Stockholm.
Kommunenamnet
[endre | endre wikiteksten]Namnet Partille kan truleg kome av mellomalderordet parthaella, som tyder «den kløyvde bergflata» eller «passet mellom berga».
Tettstader
[endre | endre wikiteksten]Partille kommune har fire tettstader. Folketalet i tabellen er frå 31. desember 2005.
# | Tettstad | Innbyggjarar |
---|---|---|
1. | Partille | 28 648 |
2. | Öjersjö | 2 739 |
3. | Jonsered | 928 |
4. | Kåhög | 825 |
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Partille kommune» frå Wikipedia på bokmål, den 26. juni 2012.
- ↑ Folketalsstatistik kvartal 3 2011. Statistiska centralbyrån (30. september 2011). Vitja 7. januar 2012.