Hopp til innhald

Penning

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Penning utmynta av Olav Tryggvason (995-1000)

Penningen var hovudmynten i det norske myntsystemet frå 995 til 1387. I denne perioden gjekk det 10 penningar på ein ertog sølv, 30 penningar på ein øre sølv og 240 penningar på ein mark sølv.

Dei første penningane vart utmynta i sølv under kong Olav Tryggvason.

Mot slutten av mellomalderen fekk kong Hans I innført det lybske myntsystem i Noreg. Då gjekk det 12 penningar på ein skilling, og 192 penningar på ein mark.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]