Periode i fysikk
Utsjånad
Periode er i fysikk tida mellom kvar gjentaking av eit fenomen som gjentar seg med jamne mellomrom, eit periodisk fenomen. For ein lekam som flyttar seg i ein gjeven bane, er periode det same same omløpstid. For ein pendel eller ei bølgjerørsle er periode det same som svingetid, som er den tida som går frå ei ytterstilling og attende til same ytterstilling.
Periode er den inverse av frekvens:
Ein periodevisar er eit instrument som viser periodetal, det vil sei mengder svingingar per sekund.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- periode – fysikk, teknikk. (27.02.2013) I Store norske leksikon. Henta frå: http://snl.no/periode/fysikk%2C_teknikk