Hopp til innhald

Pettneu am Arlberg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Pettneu

Pettneu am Arlberg er ein kommune i Distriktet Landeck i forbundslandet Tirol i Austerrike. Kommunen har ei flatevidd på 56,7 km² og i kring 1 500 ibuarar. Landsbyen Pettneu ligg 1222 meter over havet, i eit trangt dalføre mellom bratte fjellsider.

Landbruk og turisme er hovundnæringar. Pettneu profilerer seg som eit meir familievennleg turmål, jamført med nærliggande St. Anton.