Phenix Horns
Utsjånad
The Phenix Horns | |||
The Phenix Horn frå andre frå venstre med Don Myrick på saksofon, Louis Satterfield på trombone, Michael Harris på trompet og Rahmlee Michael Davis på trompet. | |||
Alias | EWF Horn | ||
---|---|---|---|
Opphav | Chicago i USA | ||
Aktiv | 1976 | ||
Sjanger | Funk, jazz, pop, soul, R&B | ||
Plateselskap | ARC, Columbia | ||
Tidlegare medlemmer | Don Myrick Louis "Lui Lui" Satterfield Rahmlee Michael Davis Michael Harris |
The Phenix Horns, opphavleg kalla EWF Horns, er blåserekkja i Earth, Wind & Fire, og for Phil Collins og Genesis. Dei fire medlemmane var Don Myrick på saksofonar, Louis «Lui Lui» Satterfiel på trombone, Rahmlee Michael Davis på trompet og Michael Harris på trompet.
Don Myrick, Lui Lui Satterfield og Michael Davis spelte i lag tidleg i 1970-åra med The Pharaohs, og to album av dei er gjevne ut på CD, The Awakening frå 1971 og konsertalbum In the Basement i 1972.
Dette bandet utvikla seg til The Phenix Horns som vart den originale blåserekkja til Earth Wind & Fire frå 1975 til 1982.
Bandleiaren Don Myrick vart drepen i 1993[1] og Louis Satterfield døydde i 2004.[2]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Phenix Horns» frå Wikipedia på engelsk, den 11. februar 2013.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ "Saxophonist Donald Myrick fatally shot in drug probe", Jet, 23 August 1993
- ↑ Respect 2004 Page