Hopp til innhald

Pigghaleseglar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Pigghaleseglar
Pigghaleseglar
Pigghaleseglar
Utbreiing og status
Status i verda: LC LivskraftigUtbreiinga av pigghaleseglar
Utbreiinga av pigghaleseglar
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Ryggstrengdyr Chordata
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Orden: Seglarfuglar Apodiformes
Familie: Seglarar Apodidae
Slekt: Hirundapus
Art: Pigghaleseglar H. caudacutus
Vitskapleg namn
Hirundapus caudacutus

Pigghaleseglar (Hirundapus caudacutus) er ein stor medlem av seglarfamilien i Asia og Oseania.

Pigghaleseglar er ein stor seglar prega av ein kort rektangulær hale, lange venger med blå glans som falmar til grønt, og ein karakteristisk kvit strupe, panne og undergump. Kroppslengda er 19-21 cm. Ungfuglar har variabelt med kvitt, medan vaksne har ein brei kvit strupeflekk. Hekkinga skjer i hòle tre, og arten lever av ulike insekt. Dette er ein langdistansetrekkfugl, med ein hovudpopulasjon som hekkar frå Sibir til Japan og overvintrar i Ny-Guinea og Australia. Ein annan populasjonen i Himalaya kan migrere til Søraust-Asia. Det er rapportert om streiffuglar i Europa, Alaska, Macquarieøya og Seychellane. Det er gjort to observasjoner i Noreg: I Bardu i 1968 og eit individ ved Lista fyrstasjon i 1995.[1]

IUCN klassifiserer arten som livskraftig, LC, men nedgang har vorte notert i Japan og Victoria i Australia, knytt til øydelegging av habitat. Arten har møtt utfordringar på grunn av øydelegginga av sibirske skogar der han hekkar. Pigghaleseglarar er rikeleg i nokre australske område om vinteren, og dannar store flokkar. Moglegheita for å overvintre så langt nord som Thailand og ein nyleg observasjon i Myanmar hintar om potensielle endringar i utbreiingsområdet.

  • Chantler, P. og G. M. Kirwan (2020). White-throated Needletail (Hirundapus caudacutus), version 1.0. I Birds of the World (J. del Hoyo, A. Elliott, J. Sargatal, D. A. Christie, og E. de Juana, red.) Cornell Lab of Ornithology, Ithaca, NY, USA. https://doi.org/10.2173/bow.whtnee.01
Referansar
  1. Torkild Jensen og Alf Tore Mjøs. «Fugleåret 1995 Supplement nr. 2 (1998) - Sjeldne fugler i Norge i 1995» (PDF). Vår Fuglefauna: 15. Henta 12. november 2023. 

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Pigghaleseglar