Hopp til innhald

Plystrarar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Plystrarar
Rustbukplystrar, Pachycephala rufiventris
Rustbukplystrar, Pachycephala rufiventris
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Ryggstrengdyr Chordata
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Orden: Sporvefuglar Passeriformes
Infraorden: Corvida
Overfamilie: Pachycephaloidea
Familie: Plystrarar Pachycephalidae
Swainson, 1831

Plystrarar er ein biologisk familie, Pachycephalidae, av små til mellomstore sporvefuglar. Familienamnet plystrarar inkluderer små slekter av pitohuiar i tillegg til 48 artar med fellesnamnet plystrar på norsk. Medlemmene er små til medium i storleik, og har utbreiing i mesteparten av Australasia. Australia og Ny-Guinea ligg i sentrum av mangfaldet, men artar og slekter når òg New Zealand, dei sørlege Stillehavsøyane så langt som til Tonga og Samoa og delar av Asia så langt vest som India.

Plystrarar har leveområde i skogshabitat, dei fleste artane lever i regnskogen, særleg innanfor utbreiingsområdet i Asia og Ny-Guinea, men australske artar finst i eit breiare spekter av habitat, inkludert skog, tørre kratt og mangroveskog. Nokre artar er avgrensa til eit bestemt økosystem, medan andre er meir allsidige og kan leve i ei rekkje ulike naturtypar.

Plystrarar er kraftige fuglar med sterke nebb, og gruppa var ein gong kjent som tjukkhovud grunn av den store runde hovuda til mange artar. Fjørdrakta er raudbrun, brun, eller grå hos dei fleste artar. Likevel har nokre artar, spesielt gullplystrar og dei næraste slektningane, lyse fjørdrakter. Eit meir uvanlege trekk ved denne familien er toksin funne i fjører på nokre av Pitohui-artane.[1] Desse giftstoffa er truleg for vern mot parasittar og kan òg tene til å åtvare rovdyr frå å ta fuglane.

Plystrarar er insektetande, plukkar insekt av blad, greiner eller nedfallsblad. Medan insekt utgjer storparten av dietten, beitar dei òg på edderkoppar, ormar, tusenbein, sniglar, og små krabbar, av større artar små virveldyr som froskar, gekkoar og fugleungar. Generelt engasjerer dei seg ikkje i å jage byttedyr i flukt, i staden søkjer dei med nebbet og plukkar bytte. Berre nokre få artar er trekkfuglar, dei fleste attverande er standfuglar i tropiske miljø.[2]

Lite er kjent om forplantingsbiologien for storparten av familien, det ein har av kunnskap kjem frå ei lita mengd australske artar og dei tre Mohoua-artane på New Zealand. Dei er monogame og generelt hekkar dei parvis, men hekkegrupper har vore registrert hos nokre artar.

Fleire artar som høyrer til denne familien er framståande songarar.

Den nøyaktige avgrensinga av familien har vore usikker, til dømes var slekta Mohoua tidlegare plassert i denne familien basert på ei rekkje morfologiske eigenskapar og studiar i DNA-DNA-hybridisering.[3] I endringa til Clementslista 2014 blei tre artar splitta frå ut frå Pachycephalidae og sett inn i sin nye familie Oreoicidae.[4] Endringane i EBird/Clements Checklist v2016 medverka til at tre artar blei tatt ut og danna sine eigne familiar.[5]

Plystrarar i rekkjefølgje etter EBird/Clements Checklist v2018[6] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler:[7]

Slekt Pseudorectes
Slekt Colluricincla
  • Sandstein(s)plystrar, Colluricincla woodwardi, Sandstone Shrikethrush, Hartert, 1905, (LC)
  • Kanelplystrar, Colluricincla boweri, Bower's Shrikethrush, Ramsay, EP, 1885, (LC)
  • Kvittygleplystrar, Colluricincla harmonica, Gray Shrikethrush, Latham, 1801, (LC)
  • Sotplystrar, Colluricincla tenebrosa, Sooty Shrikethrush, Rothschild, 1911, (LC)
  • Lauvplystrar, Colluricincla megarhyncha, Little Shrikethrush, Quoy & Gaimard, 1832, (LC)
Slekt Melanorectes
  • Svartpitohui, Melanorectes nigrescens, Black Pitohui, Schlegel, 1871, (LC)
Slekt Coracornis
  • Sangiheplystrar, Coracornis sanghirensis, Sangihe Whistler, Oustalet, 1881, (CR)
  • Maronryggplystrar, Coracornis raveni, Maroon-backed Whistler, Riley, 1918, (LC)
Slekt Pachycephala
  • Olivenplystrar, Pachycephala olivacea, Olive Whistler, Vigors & Horsfield, 1827, (LC)
  • Malleeplystrar, Pachycephala rufogularis, Red-lored Whistler, Gould, 1841, (VU)
  • Krattplystrar, Pachycephala inornata, Gilbert's Whistler, Gould, 1841, (LC)
  • Nakenstrupeplystrar, Pachycephala nudigula, Bare-throated Whistler, Hartert, 1897, (LC)
  • Orfeusplystrar, Pachycephala orpheus, Fawn-breasted Whistler, Jardine, 1849, (LC)
  • Regentplystrar, Pachycephala schlegelii, Regent Whistler, Schlegel, 1871, (LC)
  • Vanuatuplystrar, Pachycephala chlorura, Vanuatu WhistlerGray, GR, 1860
  • Vogelkopplystrar, Pachycephala meyeri, Vogelkop Whistler, Salvadori, 1890, (LC)
  • Papuaplystrar, Pachycephala soror, Sclater's Whistler, Sclater, PL, 1874, (LC)
  • Fijiplystrar, Pachycephala vitiensis, Fiji Whistler, Gray, GR, 1860, (LC)
  • Samoaplystrar, Pachycephala flavifrons, Samoan Whistler, Peale, 1849, (LC)
  • Tongaplystrar, Pachycephala jacquinoti, Tongan Whistler, Bonaparte, 1850, (NT)
  • Kanakplystrar, Pachycephala caledonica, New Caledonian Whistler, Gmelin, JF, 1789, (LC)
  • Guadalcanalplystrar, Pachycephala implicata, Guadalcanal Hooded Whistler, Hartert, 1929, (LC)
  • Bougainvilleplystrar, Pachycephala richardsi, Bougainville Hooded Whistler, Mayr, 1932, (LC)
  • Bismarckplystrar, Pachycephala citreogaster, Bismarck Whistler, Ramsay, EP, 1876
  • Louisiadeplystrar, Pachycephala collaris, Louisiade Whistler, Ramsay, EP, 1878
  • Temotuplystrar, Pachycephala vanikorensis, Temotu Whistler, Oustalet, 1875
  • Pirolplystrar, Pachycephala orioloides, Oriole Whistler, Pucheran, 1853, (LC)
  • Rennellplystrar, Pachycephala feminina, Rennell Whistler, Mayr, 1931, (NT)
  • Sundaplystrar, Pachycephala fulvotincta, Rusty-breasted Whistler, Wallace, 1864, (LC)
  • Wallaceaplystrar, Pachycephala macrorhyncha, Yellow-throated WhistlerStrickland, 1849
  • Halmaheraplystrar, Pachycephala mentalis, Black-chinned Whistler, Wallace, 1863, (LC)
  • Baliemplystrar, Pachycephala balim, Baliem WhistlerRand, 1940
  • Gullplystrar, Pachycephala pectoralis, Golden Whistler, Latham, 1801, (LC)
  • Darlingplystrar, Pachycephala occidentalis, Western WhistlerRamsay, EP, 1878
  • Svarthaleplystrar, Pachycephala melanura, Black-tailed Whistler, Gould, 1843, (LC)
  • Demringsplystrar, Pachycephala tenebrosa, Morningbird, Hartlaub & Finsch, 1868, (LC)
  • Brunryggplystrar, Pachycephala modesta, Brown-backed Whistler, De Vis, 1894, (LC)
  • Gråbrystplystrar, Pachycephala lorentzi, Lorentz's Whistler, Mayr, 1931, (LC)
  • Gullryggplystrar, Pachycephala aurea, Golden-backed Whistler, Reichenow, 1899, (LC)
  • Filippinarplystrar, Pachycephala philippinensis, Yellow-bellied Whistler, Walden, 1872, (LC)
  • Borneoplystrar, Pachycephala hypoxantha, Bornean Whistler, Sharpe, 1887, (LC)
  • Svovelbukplystrar, Pachycephala sulfuriventer, Sulphur-bellied Whistler, Walden, 1872, (LC)
  • Mangroveplystrar, Pachycephala cinerea, Mangrove Whistler, Blyth, 1847, (LC)
  • Luzonplystrar, Pachycephala albiventris, Green-backed Whistler, Ogilvie-Grant, 1894, (LC)
  • Suluplystrar, Pachycephala homeyeri, White-vented Whistler, Blasius, W, 1890, (LC)
  • Molukkplystrar, Pachycephala phaionota, Island Whistler, Bonaparte, 1850, (LC)
  • Gråkroneplystrar, Pachycephala hyperythra, Rusty Whistler, Salvadori, 1876, (LC)
  • Brunplystrar, Pachycephala simplex, Gray Whistler, Gould, 1843, (LC)
  • Gråryggplystrar, Pachycephala arctitorquis, Wallacean Whistler, Sclater, PL, 1883, (LC)
  • Oskeplystrar, Pachycephala griseonota, Drab Whistler, Gray, GR, 1862, (LC)
  • Kvitbukplystrar, Pachycephala leucogastra, White-bellied Whistler, Salvadori & D'Albertis, 1875, (LC)
  • Munkeplystrar, Pachycephala monacha, Black-headed Whistler, Gray, GR, 1858, (LC)
  • Rustbukplystrar, Pachycephala rufiventris, Rufous Whistler, Latham, 1801, (LC)
  • Krageplystrar, Pachycephala lanioides, White-breasted Whistler, Gould, 1840, (LC)
Referansar
  1. Dumbacher JP; Beehler BM; Spande TF; Garraffo HM; Daly JW (1992). «Homobatrachotoxin in the genus Pitohui: chemical defense in birds?». Science 258 (5083): 799–801. PMID 1439786. doi:10.1126/science.1439786. 
  2. Garnett, Stephen (1991). Forshaw, Joseph, red. Encyclopaedia of Animals: Birds. London: Merehurst Press. s. 201. ISBN 1-85391-186-0. 
  3. Del Hoyo, J.; Elliot, A.; Christie D., red. (2007). «Family Pachycephalidae (Whistlers)». Picathartes to tits and chickadees. Handbook of the Birds of the World. Band 12. Barcelona: Lynx edicions. s. 374–437. ISBN 978-84-96553-42-2. 
  4. Frå august 2014 i versjon 6.9 er slekta og arten splitta ut i ein ny familie Oreoicidae (Clements et al 2014)
  5. eBird/Clements checklist Updates & Corrections – August 2016 Om sidene 488 og 483
  6. Schulenberg T.S.; M.J. Iliff; B.L. Sullivan; C.L. Wood; T. A. Fredericks; D. Roberson (august 2018), eBird/Clements Checklist v2018 (CSV), Cornell Lab of Ornithology, henta 14. april 2019 
  7. Syvertsen, P. O., Ree, V., Hansen, O. B., Syvertsen, Ø., Bergan, M., Kvam, H., Viker, M. & Axelsen, T. 2008. Virksomheten til Norsk navnekomité for fugl (NNKF) 1990-2008. Norske navn på verdens fugler. med oppdateringar i 2017. Norsk Ornitologisk Forening sin nettstad (publisert 21.12.2017)

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Plystrarar