Pott
Utsjånad
Pott er eit gamalt volummål med innhald som varierer frå land til land. Ein norsk pott var 0,9651 liter, ein fransk pott 1,8626 l og ein sveitsisk 1,5 l. Ein pott vart delt i fire pelar. I Noreg var ein halvkande det same som ein pott.
Ordet pott kjem frå ordet potte, norrønt pottr, kanskje frå latin pottus 'drikkebeger'.